Ein lastebil var uheldig på Hemsedalsvegen tysdag morgon.
Ein lastebil var uheldig på Hemsedalsvegen tysdag morgon.

Vogntog velta i grøfta

Ein person sat i køyretøyet som hamna i grøfta tysdag morgon.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 06.36. 

Eit vogntog køyrde av vegen på Gol, på Hemsedalsvegen. Køyretøyet hamna i grøfta, og velta over på sida. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var berre føraren om bord, han kom seg ut og det er ikkje meldt om personskade. 

Ein bergingsbil vart henta til staden. Vogntogvelten har ikkje skapt noko trøbbel for trafikken opp Hemsedalsvegen.