Svein Eide (Ap) meiner politikarane burde visst kva Glitrehaug skal brukast til før forhandlingane starta. (Arkivfoto)
Svein Eide (Ap) meiner politikarane burde visst kva Glitrehaug skal brukast til før forhandlingane starta. (Arkivfoto)

– Ville vite kva Glitrehaug skal brukast til

– Glitrehaug er eit sentrumsnært og verdifullt område som me ville vite kva det skal brukast til før forhandlingane.

Svein Eide er Ap-representant i Gol formannskap.

Då formannskapet behandla salet av Glitrehaug for ei veke sidan, foreslo Ap og KrF at administrasjonen skulle leggje fram ei sak om bruk, reguleringsføremål og kva for område som skal inngå i salet. Dei ville vite kva dei to tilbydarane har tenkt å bruke eigedommen til før dei tek stilling til kven som får kjøpe Glitrehaug.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forslaget frå Ap/KrF vart nedstemt (3-4). Høgre, Venstre og Senterpartiet fekk gjennomslag for å selja Glitrehaug til høgstbydande og gav administrasjonen fullmakt til å gå i forhandlingar med høgstbydande.

Formannskapsvedtaket seier ingenting om kven som er høgstbydande. Hallingdølen fekk i etterkant opplyst at det er Bjerke Nettbygg AS som er høgstbydande og forhandlingspart.

– Bakgrunnen for vårt forslag var at Glitrehaug er eit så verdifullt område at me ville vite området skal brukast til før Gol kommune går i forhandlingar, seier Eide.

Han ynskjer ikkje å kommentere saka utover bakgrunnen for forslaget som vart nedstemt i formannskapet.

Kommunalsjef for samfunn og utvikling i Gol kommune, Kristian Damstuen, opplyser på vegner av rådmannen at kommunen er i forhandling med Bjerke Nettbygg AS som hadde høgste bodet.

– Kommunen kan ikkje gå ut med meir detaljert informasjon så lenge forhandlingane ikkje er avslutta, skriv Damstuen i ein e-post til Hallingdølen.

Saka går ikkje vidare til kommunestyret. Men det blir ein ny politisk behandlingsrunde med omregulering dersom administrasjonen i Gol kommune og Bjerke Nettbygg blir samde om pris.