Vilde Nistad Strandos jobbar fulltid på Mat So Klart, som ho driv i lag med mora Martha.

Vilde er klar for VM med kokkelandslaget: – Målet er ein pallplass, såpass ærleg kan eg vere

Dei siste førebuingane er unnagjort. No drar Vilde Nistad Strandos og resten av det norske landslaget til Luxemburg for å kjempe om VM-tittelen.

– Målet vårt er ein pallplass, såpass ærleg kan eg vere. Dette er andre gongen Norge stiller med lag i Community Catering-klassen. Sjølv om det er ein «ny» konkurranse for Norge, føler me oss klare, seier Strandos.

Frå 26.november og fire dagar framover skal Norge konkurrere i fleire kategoriar når Culinary World Cup går av stabelen. Golingen Strandos har tydelege ambisjonar saman med resten av det norske landslaget.

Artikkelen held fram under annonsen.

Siste finpuss

Strandos kom inn på det norske landslaget i februar, og har sidan då delteke på samlingar kvar tredje veke. Fredag var landslaget i Oslo for å gjennomføre dei siste førebuingane før avreise til VM.

Culinary World Cup

I år arrangerast det i Kirchberg, Luxemburg.

Norge deltek i fem kategoriar.

I 2018 tok senior og juniorane bronse samanlagt.

Norge vann sist gong i 2006, med Sven Erik Renaa som manager.

Norge har som mål å vere eit topplag i år.

Kjelde: Nkl.no

Dei har pakka utstyr og veid opp råvarer. Sundag vart alt pakka i ein lastebil som skal transportere utstyret trygt ned til Luxemburg. Landslaget kjem til hotellet i Kirchberg på tysdag. Her skal dei samlast og gjere siste finpuss for konkurransen byrjar.

Det er fleire ting som kan skje undervegs i konkurransen, og dei minste detaljane kan vere heilt avgjerande. Sjølv om landslaget har hatt fleire gode gjennomføringer og øvingar saman, fortel Strandos kor viktig det er å vere best mogleg førebudd.

– Me må levere det me har trent på, og jobbe godt saman som eit lag. Sjølv om me har hatt mange gjennomføringer no, og føler oss trygge på smakane, er det noko anna å kome i konkurranse der alt er nytt. Det blir nytt kjøkken og nye omgjevnader. Me må vere førebudd på at omnen for eksempel ikkje virkar, eller at andre hendingar kan oppstå. Kommunikasjon og samarbeid er difor ei nøkkelfaktor.

VM-dessert?

Strandos driv til vanleg delikatesse- og konditorutsalget «Mat So Klart» i Gol. Ho fortel om ei travel førjulstid, og at nye planar er i omløp.

– Me er godt i gong med produksjon og planlegging. Eg har flinke kollegaer som jobbar på mens eg er borte med landslaget. Planane framover er å fokusere meir på kaker og konfekt på Mat So Klart. Kanskje kjem det også nokre smaksnyheiter. Du skal heller ikkje sjå bort ifrå at du snart kan få kjøpe min eigen VM-dessert i kafeen hjå oss, seier ho.

Les også
Prøvde å krangle seg inn på hotellet - då kom politiet
Les også
Innbrot i handverkarbil - verktøy og utstyr stole
Les også
Nominert som biskop i Bjørgvin: – Eg kjenner takksemd