Norske miljøstyresmakter vil slakte ned delar av villreinstammen i Nordfjella villreinområde. (Arkivfoto)
Norske miljøstyresmakter vil slakte ned delar av villreinstammen i Nordfjella villreinområde. (Arkivfoto)

Vil slakte ned villreinen

Norske miljøstyresmakter vil slakte ned delar av villreinstammen i Nordfjella.

Sjokkmeldinga kom under eit informasjonsmøte om hjortevilt og skrantesjuke i Lærdal onsdag kveld. Milljøstyresmaktene foreslår utrydding av villrein i smitteområdet nord i Nordfjella villreinområde, som eit ledd i kampen for å bekjempe skrantesjuke. 1500 dyr kan bli drepne, og fjellområdet lagt aude i fleire år, dersom handlingsplanen blir politisk vedteke og styresmaktene ser tiltaket som naudsynt.

Vil sanere smitteområdet

Dei om lag 1500 dyra går i dag innanfor sone 1 i Nordfjella villreinområde. Det er i dette området dei til no tre kjende tilfella av skrantesjuke har vore påvist.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ei sanering av villreinstamma har størst sjanse for å lykkast i kampen mot skrantesjuka, sa forskar og veterinær Bjørnar Ytrehus frå Norsk institutt for naturforsking, ifølgeNRK.

– Sjukdomen vil ikkje forsvinne

Sone 1 ligg mellom Rv52 Hemsedalsfjellet og Fv50 Hol-Aurland.

– Me er i byrjinga av noko som vil utvikle seg. Sjukdomen vil ikkje forsvinne. Då er det bra at me erkjenner problemet tidleg, sa Ytrehus.

Reetablering

Også Julie Grimstad, seniorrådgivar i Mattilsynet, skal ha talt for å ta bort villreinstamma.

– Fagleg sett er den beste løysinga å fjerne bestanden av villrein, for så å reetablere den seinare, sa Grimstad.

Følger kjend praksis

Ingenting er avgjort. Ei eventuell nedskyting må behandlast politisk før eit endeleg vedtak vert fatta. Den dødelege prionsjukdomen har lenge vore kjend i USA og Canada. Det drastiske tiltaket som no er foreslått for Nordfjella, er basert på kunnskap og praksis frå desse landa. Der er eitt påvist smittetilfelle eintydig med nedslakting av alt hjortevilt innanfor ein radius på 20 kilometer. Ved to eller fleire tilfelle aukar radiusen til 70 kilometer. Skrantesjuke vart for fyrste gong påvist i Norge på ei villreinsimle i Nordfjella villreinområde i mars 2016, og seinare på elg i Trøndelag.