Britt Vikane ved Gol ungdomsskule. (Arkivfoto)
Britt Vikane ved Gol ungdomsskule. (Arkivfoto)

Vil setje døra på gløtt

Skuleverket og barnevernet tek sjølvkritikk. – Me kan bli flinkare til å dele informasjon for å møte problema i ungdomsmiljøet, seier dei.

Sist veke kritiserte leiaren i ungdomsklubben i Gol, Trond Johansen, skuleverket og barnevernet for å sitje på kvar si tue og hegne om teieplikta. Han meiner dei bør bli flinkare til å ta ungdomsklubben med på råd og til å dele relevant informasjon.

– Viktig tema

Johansen skulle gjerne hatt eit tettare samarbeid med skulane. Han er frustrert over at ungdomsklubben ikkje blir varsla om episodar i løpet av skuledagen som kan få konsekvensar på kveldstid. Viss nokon har slåst, blitt mobba eller rusa seg på skulen, vil det vere ein situasjon dei tek med seg på klubben om kvelden.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg synest det er bra at han set dette på dagsorden, seier rektor ved Gol ungdomsskule, Britt Vikane.

Tek sjølvkritikk

Ho seier skulen samarbeider godt med andre etatar – både politi, barnevern og psykisk helse.

– Når det skjer ting, snakkar me saman. Men eg må innrømme at eg ikkje har vore flink til å trekkje inn ungdomsklubben, seier ho. Vikane er godt kjent med problema har tatt seg opp i ungdomsmiljøet i Gol.

Helene Sagabråten er leiar i Hallingdal barnevernsteneste. (Arkivfoto)
Helene Sagabråten er leiar i Hallingdal barnevernsteneste. (Arkivfoto)

– Men det er viktig for meg å streke under at det berre er ei gruppe barn og ungdom som er med i denne subkulturen, seier ho.

Brannsløkking

Også barnevernet blir råka av kritikken. Johansen meiner barnevernet kjem for seint på banen for drive brannsløkking. Han skulle gjerne sett at barnevernet var synleg til stades der ungdom møtest.

– Det er ikkje eit ønske som det ikkje er råd å innfri. Me skal vere ein samarbeidspart, men me har ikkje ressursar til å vere til stades i ungdomsmiljøet og drive oppsøkjande arbeid. Det er heller ikkje innanfor vårt ansvarsområde, seier leiar i Hallingdal barnevernsteneste, Helene Sagabråten.

Kan bli flinkare til å snakke saman

Ho seier barnevernet kjem på banen når dei får melding frå politi, skule, barnehage, ungdomsklubb eller andre.

– Men me er ikkje eit lågterskeltilbod. Jobben vår er å følgje opp uromeldingar og vurdere om det er tiltak me kan setje i verk, seier ho. Også Sagabråten rosar Johansen for å setje søkjelys på eit viktig tema. Ho er samd i at dei kan bli flinkare på å dele relevant informasjon. Alle kommunar har noko som heiter tverretatleg gruppe, der alle etatar er representert.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Der er det råd å drøfte slike spørsmål. Systemet er der. Me må berre bruke det. Neste gong me har møte, bør dette vere eit tema, seier ho.

Ho fortel at barnevernet alt har vore i møte med ungdomskonsulenten i Gol for å diskutere korleis dei kan møte problema i ungdomsmiljøet.