Ringeriksbanen vil bety raskare togtur for skigjester som skal frå Geilo til Oslo. I handlingsprogrammet som måndag vart lagt ut på høyring, legg Jernbanedirektoratet opp til byggestart i 2022, eventuelt eitt år før, dersom Stortinget løyver meir pengar.
Ringeriksbanen vil bety raskare togtur for skigjester som skal frå Geilo til Oslo. I handlingsprogrammet som måndag vart lagt ut på høyring, legg Jernbanedirektoratet opp til byggestart i 2022, eventuelt eitt år før, dersom Stortinget løyver meir pengar.

Vil prioritere Ringeriksbanen

Det er godt nytt om Ringeriksbanen i det nye handlingsprogrammet til Jernbanedirektoratet.

Jernbanedirektoratet la måndag fram nytt handlingsprogram for jernbanesektoren. Handlingsprogrammet, som gjeld perioden fram til 2029, skal no ut på høyring.

Kalddusj frå BaneNOR

For Hallingdal sin del, var det knytt størst spenning rundt kapittelet om Ringeriksbanen. I Nasjonal Transportplan (NTP) la regjeringa opp til byggestart på Ringeriksbanen (med ny trase på E16) frå 2021–2022. Men i vinter kom det ein kalddusj frå BaneNOR. BaneNOR meinte det ikkje er kapasitet til å byggje ut fleire greiner av intercity-sambandet rundt Oslo parallelt. BaneNOR hadde i sine vurderingar eit alternativ med utsetting av oppstart på Ringeriksbanen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det skapte uvisse. Det er difor gledeleg at Jernbanedirektoratet held fast ved ambisjonen i NTP-en med oppstart på Ringeriksbanen seinast 2022, seier Knut Arne Gurigard, dagleg leiar i Regionrådet for Hallingdal.

Ringeriksbanen på trygg grunn

I den ferske handlingsplanen står det at prosjektstart på Ringeriksbanen er forskyve frå 2021 til 2022 for å kunne realisere utbygginga innanfor dei økonomiske rammene i NTP. Men ved høgare rammer over statsbudsjettet, er det råd å starte alt i 2021.

– Godt nytt?

– Ja, Jernbanedirektoratet plasserer Ringeriksbanen på trygg grunn. Dette er rett nok eit handlingsprogram som skal ut på høyring, men ut frå det Stortinget har sagt før, det regjeringa har sagt i NTP-en, samt det som kjem frå direktoratet i dag, er dette godt nytt. Vår målsetting er sjølvsagt å kome i gang så fort som råd. Me vil jobbe for oppstart 2021, seier Gurigard.

Planfri kryssing på stasjonane

Handlingsplanen er ikkje like positiv for vestlege deler av Bergensbanen. Når det gjeld Vossabanen vil Jernbaneverket ha oppstart først etter 2023 med ferdigstilling etter 2029.

– Ambisjonen for strekninga Voss–Arna er ikkje bra nok. Dette må me jobbe vidare med, seier Gurigard.

Derimot er det godt nytt for folk som er opptekne av ei opprusting av stasjonsområda på Geilo og Gol. I perioden fram mot 2023 er det planar om å byggje undergang under spora. Det vil gjere stasjonane tryggare for passasjerane, men også gjere stasjonane meir effektive for togkryssing.