Tone Tveito Eidnes. (Arkivfoto)
Tone Tveito Eidnes. (Arkivfoto)

Vil greie ut eigedomsskatt

Trass i kutt, er utgiftene stadig for høge. Rådmannen i Ål foreslår meir bruk av sparekniv og utgreiing av eigedomsskatt.

Ål kommune har dei siste åra sett inn kraftige sparetiltak. Slik må det bli også neste år, fortel rådmann Tone Tveito Eidnes i forordet til budsjettforslaget.

– Utfordringane med sterkt reduserte kraftinntekter er blitt større. I utgangspunktet er gapet mellom utgifter og inntekter på om lag 5 millionar, skriv ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Foreslår eigedomsskatt

Etter tidlegare kutt er det no vanskelegare å finne nedskjeringspotensial. Rådmannen legg fram ein sparekatalog på 3,6 millionar for 2015.

Ho trur dei økonomiske utfordringane vil vare ved. Det er nødvendig med tiltak.

– Spesielt vil eg peike på innføring av generell eigedomsskatt. Det vil løyse kommunen sine utfordringar på drift framover og skjerme tenestetilbodet frå drastiske nedskjeringar, skriv ho. Forslaget er å greie ut spørsmålet.

Investeringar kostar

Utbygging av Ål kulturhus og vidareutvikling av Ål helsetun, med det lokalmedisinske senteret, er tenkt lånefinansiert, noko som gir driftsbudsjettet ytterlegare utfordringar.

I tillegg vil rådmannen styrke pleie/omsorg til eldre med 1,8 millionar, helsestasjonen med 220.000 og utdanningstilbodet til brannmannskapa med 150.000 kroner.

Sparekatalogen frå 2013 er foreslått vidareført, men med noko færre tiltak.

Kommunestyret skal vedta budsjettet 18. desember.