Linea W. Kolbjørnsrud (nr. 16) frå Sigdal var hissig i angrep. Både målvakt Mari Skredderberget (f.v.) og Ida Tovsrud Brenno, Julie Hagen og Rikke Ariana Sivertsen Ålien fekk køyrd seg i forsvar.

Viktig klubbsamarbeid: – Utan dette kunne me halde fram å trene, men ikkje spele kampar

Det vart tap, denne gongen også. Men det er betre å kjempe enn å gje opp heile handballen.

Handball: Sundag var det to kampar med seriespel i idrettshallen på Nesbyen. Heimelaget var eit relativt nystarta blandingslag, Nesbyen/Gol J15.

Først vart det 15-23-tap mot Nedre Sigdal. Og etter ein pause med energipåfyll, møtte dei Vikersund/Åmot til kamp nummer to. Det vart tap der også, men dei var meir hissige i angrepsspelet i andre kampen og fekk inn fleire mål, 21-28.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Gøy å spele kampar

Det er kanskje berre dumt å nemne klisjeen om at det viktigaste er ikkje å vinne, men å delta. For Julie Hagen er dette likevel heilt reelt.

For Julie Hagen (med ballen) var samarbeidet med Nesbyen IL avgjerande for at ho kunne få halde fram med handballen.

16-åringen var del av eit godt handballmiljø i Gol, men på jentelaget sleit dei med fråfall av spelarar. I haust var dei for få til å kunne stille eige lag. Eit samarbeid med Nesbyen IL vart løysinga for å kunne halde fram å spele handball i serien.

– Kva hadde skjedd utan samarbeidet?

– Då trur eg me berre hadde halde fram med treningar, utan å kunne spele kampar. Men det er jo gøy å spele kampar òg, seier Hagen.

To gode naboar

Ho er ei av fem-seks golingsjenter på blandingslaget. Ho er glad naboklubben har opna døra på gløtt. Dei hadde ikkje trengt å gjere det, for Nesbyen IL har nok handballjenter til å klare seg sjølv.

Nesbyen/Gol J15: Mari Skredderberget (framme). Andre rekke f.v.: Ingeborg Thorberg, Line Helling-Venedokken, Oda Brenno Grubben og Rikke Ariana Sivertsen Ålien. Bak f.v.: Lihaim Samuel Kifle, Julie Hagen, Ida Tovsrud Brenno, Tilde Hole Strandos, Ine Aronsen Hagavold og Kajsa L. Sandanbråten.

For at jentene ikkje skal bli sitjande for lang tid på benken, har dei løyst det ved å stille to lag. I tillegg til blandingslaget, har dei også eit Nesbyen-lag. Men det er eit Nesbyen-lag mest på papiret, for det er ikkje tette skott imellom.

– Me frå Gol spelar nok mest på blandingslaget, men me hjelper til på Nesbyen-laget om det trengst.

Nesbyen/Gol J15 låg under med sju mål mot Nedre Sigdal til pause. Før dei går på banen til andre omgang, pumpar dei opp kampmoralen.

– Me bomma, rett og slett

I årets serie har blandingslaget så langt spelt fem kampar. Det har blitt fem tap, Nesbyen/Gol ligg nedst på tabellen, som nummer ti. Det andre Nesbyen-laget har spelt ein kamp meir, og kan notere seg med ein siger, to uavgjort og tre tap. Dei ligg på sjuandeplass på tabellen. Hagen ser likevel lyspunkt i spelet til Nesbyen/Gol:

Artikkelen held fram under annonsen.

Julie Hagen med ein kjempesjanse for Nesbyen/Gol. Men skotet gjekk på sida av mål. Ho bomma, rett og slett.

– Me var ganske gode i forsvar, men sleit med å få ballen i mål.

– Kva gjekk gale?

– Me bomma, rett og slett.