Elisabeth Njøsen. (Arkivfoto)
Elisabeth Njøsen. (Arkivfoto)

- Viktig å ta hand om borna

Borna til den drepne kvinna i Nesbyen blir no teke vare på av lokalt barnevern og helsevesen.

– Det er tre born som no takast godt vare på av lokalt barnevern og helsevesen, seier bistandsadvokat til borna, Elisabeth Njøsen. Det dreier seg om tre born, eit lite born, samt to born tidleg i tenåra.

– Faren er sikta for drapet, så dei har i realiteten mista båe foreldra, og er i ein krisesituasjon. Det viktige no er at dei blir godt tekne vare på, seier Njøsen. Ho påpeiker at barnevern og helsevesen har god kompetanse også i slike alvorlege situasjonar. Sett i lys av drapssaka i Hemsedal frå 2014, der det var to born involvert virkar hjelpeapparatet å vera godt budd.

Artikkelen held fram under annonsen.

Njøsen var også bistandsadvokat i denne saka.

– Kva skjer no?

– No er det opp til politiet å etterforske kva som faktisk har skjedd. Alle dei involverte vil bli avhøyrt. Det blir tilrettelagt avhøyr av borna på eit såkalla barnehus. Her har borna fagpersonar, psykologar og alt dei treng rundt seg, fortel ho.