Det var glatt på Rv7 på Hardangervidda torsdag.
Det var glatt på Rv7 på Hardangervidda torsdag.

Vidda var stengt etter ulykke

Torsdag kveld kom meldinga om ein bil og ein lastebil hadde kollidert og køyrt av vegen på Hardangervidda.

Ulykka skjedde på Rv7 ved Lægreidvatnet.

På grunn av bilberging var vegen stengt i ca to timar fredag frå klokka 08.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bilen og lastebilen har treft kvarandre i fronten, i ein sving. Det sat tre personar i bilen og ein i lastebilen. Alle fire vart køyrd til legevakta for ein sjekk, men ingen er alvorleg skadd.

Ifølgje Politiet i Sør-Øst var det glatt veg på staden.

Det oppstod køar på Rv7 etter ulykka.

Bilberginga starta alt natt til fredag, men det var tidleg klart at dette ville ta lang tid. Medan personbilen vart berga kunne trafikken dirigerast manuelt forbi. Men no når ein bergar lastebilen er Rv7 heilt stengt.