Illustrasjonsbilete frå Golsfjellet.

Verken Nesbyen, Hemsedal eller Hol forlenger hytteforbodet: – Me må ha tillit til folk

Onsdag vart det kjent at ein av landets største hyttekommunar, Vinje, har valt å forlenge hytteforbodet fram til 27. april. Ingen av kommunane i Hallingdal legg seg på den lina.

– Me kjem ikkje til å forlenge. Dette er heller ikkje et forbod me som kommune har hatt, det er eit forbod som har kome frå sentrale myndigheiter. Det er framleis slik at folk blir oppmoda om å ikkje ta fritidsreiser som ikkje er strengt nødvendige, seier kommuneoverlege i Hemsedal, Camilla Underland.

Fryktar innrykk

I Vinje vel dei å forlenge forbodet med ei ekstra veke fordi dei fryktar eit stort innrykk av menneske neste helg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me er redd mange vil nytte sjansen når det nasjonale hytteforbodet blir oppheva 20. april til å reise og sjå til hytta, og bruke den siste skihelga i påskefjellet, seier ordførar i Vinje, Jon Rikard Kleven, til NRK.

Les også
Forbanna hytteeigar sjikanerer ordførar

Hallingdølen var onsdag ettermiddag i kontakt med både Hemsedal, Nesbyen og Hol. Hol og Nesbyen har ingen planar om å sette i verk lokale tiltak med å forlenge forbodet, det gjer heller ikkje Underland i Hemsedal.

– Me må berre forvente at folk følger nasjonale retningslinjer, og ha tillit til at dei ikkje tek desse unødvendige fritidsreisene. Dette gjeld jo alle. Det er ikkje slik at folk som bur her oppe kan reise til hytta ved sjøen heller, seier Underland.

Har den raude knappen

Mange fryktar at folk vil kome til å reise opp på hytta alt no til helga, sidan forbodet blir oppheva på måndag. I Hemsedal kjem dei til å følgje nøye med på trafikken oppover dalen når det drar seg mot helg.

– Me følgjer med, heile tida. Me er ikkje i ein fase der me har råd til å kvile. Me monitorerer alt som skjer.

– Kva gjer de, om det plutseleg viser seg å kome mykje folk opp til Hemsedal i helga?

– Då har me den raude knappen å trykke på. Forbodet gjeld trass alt fram til den 20.

Kommunen har invitert næringa til eit møte torsdag. Der vil dei orientere om kva som blir vegen vidare i kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Aldri så lite folk i fjellet som i år: - Folk har høyrt på styresmaktene
Les også
Kan hyttebruk i koronatider vere fornuftig?
Les også
Stolar på folk - fryktar ikkje hyttejuks