På Tisleifjorden er det førebels gode isforhold.
På Tisleifjorden er det førebels gode isforhold.

Ver varsam på islagt vatn

Med låge temperaturar og lite nedbør er det stålis og drøymeforhold på fleire fjellvatn i Hallingdal.

På Tisleifjorden mellom Gol og Hemsedal er isen jamt over mellom 21 og 25 centimeter tjukk, med nokre svakare punkt der det er elveos.

Kan endre seg fort

På tenesta iskart.no er det dei seinaste dagane meldt om drøymeforhold på Tisleifjorden. Det kan også Morten Gulbrandsen i Isbanedrift AS stadfeste.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er absolutt drøymeforhold, og verkeleg tida for å gå på skøyter. Men ein må vera utruleg varsam. Ein seier at 10–15 centimeter is kan bere eit menneske. Det stemmer viss det er 10 minusgradar. Men viss temperaturen stig, og det bles om natta, så sprekk isen. Går ein då langs kanten av ein sprekk, så kan ein gå gjennom isen – sjølv på 10–12 centimeter stålis, seier Gulbrandsen.

– Bruk sikkerheitsutstyr

Det er altså viktig å ta forholdsreglar for å kunne ferdast trygt på isen. Sjølv om isen verkar å vera aldri så trygg, bør ein uansett ha med seg sikkerheitsutstyr – slik at ein er betre sikra dersom ein skulle vera uheldig.

– No reknar me at isen på Tisleifjorden kan bere 2,5 tonn, og me jobbar her no med snøskuterar som veg 200 kilo. Me jobbar altså innanfor gode sikkerheitsmarginar. Like fullt har me på oss overlevingsutstyr med mellom anna flytevestar og ispiggar. Slikt utstyr brukar me i alle fall heilt fram til jul.

Isen ligg tjukk på fleire fjellvatn i Hallingdal. Biletet er frå Hengsvatn i Ål.
Isen ligg tjukk på fleire fjellvatn i Hallingdal. Biletet er frå Hengsvatn i Ål.
På Tisleifjorden på Golsfjellet er det førebels gode isforhold.
På Tisleifjorden på Golsfjellet er det førebels gode isforhold.

Stor variasjon i forholda

Ifølgje både iskart.no og NVE sine nettsider elles, kan det for tida vera farbar is på fleire fjellvatn i Hallingdal. Men sjølv om isen førebels er trygg ein stad, betyr ikkje det at isforholda generelt er gode. Det er difor viktig å undersøke isforholda i kvart einskild område. Ein bør måle isen med isstav, og alltid gå minst to i følgje. I tillegg bør ein ha med seg kasteline eller tau, og ispiggar rundt halsen.

– Det er ei kjensgjerning at altfor mange går gjennom isen og erfarer kor ille det kan vera. Det er heilt galimatias å berre ta på seg eit par skøyter og reise ut, utan å gjere undersøkingar. Det er mange ting som verkar inn på isforholda i tillegg til vêr og temperatur. Mellom anna spelar djupna på vatnet og strømningar ei viktig rolle.

Utrygt på større vatn

På somme av dei mindre, uregulerte fjellvatna, kan isen vera farbar og vel så det. Større regulerte vatn er derimot ei heilt anna sak. På dei regulerte vatna E-CO har oversikt over, skjer ikkje islegginga før over nyttår og utover vinteren.

– Det er endå tidleg på året, og me vil seie at det førebels ikkje er sikker is på større vatn. Per no er det berre overflate-is, noko me sterkt rår folk frå å gå på. Inn mot helga er det også meldt mildare vêr i fjellet, seier Per Storm-Mathisen, kommunikasjonssjef i E-CO. – Samstundes kan det vera enkelte viker og uregulerte vatn som har grei og farbar is. Dette er noko folk må vurdere sjølv. Regulerte vatn har generelt dårlegare is enn uregulerte vatn, difor sett me også opp åtvaringsskilt kvart år. Førebels får me ikkje sett opp skilta, fordi det ikkje er is å setje dei på, legg han til.