Det er meldt moderat skredfare første del av påska. Her frå ein topptur til Storeskardnosne på Hemsedalsfjellet.
Det er meldt moderat skredfare første del av påska. Her frå ein topptur til Storeskardnosne på Hemsedalsfjellet.

Ver forsiktig i bratta - farleg fokksnø

Etter fleire snøskred den siste veka har det no blitt meir stabile forhold i fjellområda i Hallingdal.

Det har vore mykje skredaktivitet den siste veka. Førre helg vart to personar teke av skred i Hemsedal, ein ved Reidarskaret og ein annan på Skogshorn, melder nettstaden Friflyt.no.

Vinden er syndaren

Tysdag gjekk det også eit skred i søraustleg heng ved Hemsedal skisenter. Skredet hadde brotkant på opp til 60 cm og gjekk i fokksnø. Onsdag vart det observert fleire ferske flakskred austvende fjellsider på Hemsedalsfjellet, skriv skredvarslinga på varsom.no.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rune Abrahamsen er skredobservatør i Hemsedal og kan melde at forholda no har betra seg.

– Grunna mykje vind losna det mange skred i område med fokksnø. Denne snøen har no stabilisert seg, fortel han.

Før palmehelga melder nettstaden varsom.no om moderat skredfare i fjellområda i Hallingdal.

Sjå etter fokksnø

– Snøen er mange stader så hardpakka at det må komme meir nedbør om skredfaren skal auke. Men det finst framleis område med laus snø også, forklarar Abrahamsen.

– Laurdag er det meldt mykje vind i fjellet. Vil dette påverke skredfaren?

– Det vil vere fare for skred der vinden har ført med seg laus snø, seier skredobservatøren.

Snøskredvarslinga ber folk vere varsame i leområde med fokksnø.

– Hald avstand til kvarandre ved ferdsel i terreng over 30 grader. Det er størst fare for å løyse ut skred på kul-formasjonar i terrenget og der fokksnøen er mjuk, står det i skredvarselet for Hallingdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tenk konsekvens i bratta

Det er også meldt om eit vedvarande svakt lag av snøkrystallar lenger nede i snødekket. Det krev mykje kunnskap for å kjenne att slike svake lag. Drønnelydar og skytande sprekkar er tydelege teikn, men fråvær av desse betyr ikkje at det er trygt.

– Ver ekstra forsiktig og tenk konsekvens når du gjer vegval, særleg i ukjend terreng, skriv varsom.no.