Sylvia Mansford (t.h.) og Ingjerd Kaldheim seier det er krevjande å handle inn matvarer når dei ikkje veit kor mange som kjem. Onsdag var dei i bygda og fylte fire handlevogner.
Sylvia Mansford (t.h.) og Ingjerd Kaldheim seier det er krevjande å handle inn matvarer når dei ikkje veit kor mange som kjem. Onsdag var dei i bygda og fylte fire handlevogner.

Ventar storinnrykk

Holu leirstad gjer seg klar til å ta imot asylsøkjarar. – Om bussane kjem i natt, i morgon eller om nokre dagar, veit me ikkje.

Det seier Tor Arne Larsen. Han er ein av leiarane i Sentermenigheten i Asker, som eig leirstaden Holu inst i Kvinnegardslia i Ål. Fredag ettermiddag fekk dei klarsignal om å starte akuttmottak for asylsøkjarar.

Rydda, vaska og ordna

Pinsemenigheita har snudd seg rundt på rekordtid. Sidan fredag har sju frivillige jobba med å gjere leirstaden klar. Dei har rydda, vaska, ordna senger, vaska glas, og handla inn mat. Då Hallingdølen var innom onsdag kveld, var dugnadsgjengen i mål.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Beskjeden frå UDI var at me måtte vere operative som mottak klokka 18. Då gjekk eg ut av dusjen, smiler Larsen. Han veit framleis ikkje når bussane kjem. Heller ikkje kor mange som kjem.

– UDI har sagt at me vil få eit varsel når bussane er på veg. Det kan skje i natt, i morgon eller om nokre dagar.

Breiddfulle handlekorger

Sylvia Mansford og Ingjerd Kaldheim er to av dei frivillige som har reist frå Asker til Ål for å jobbe dugnad på det nystarta akuttmottaket. Onsdag var dei i bygda for å handle inn forsyningar.

Saman med seks frivillige frå Sentermenigheten i Asker, har Tor Arne Larsen dei siste dagane jobba for å gjere Holu leirstad klar til å ta imot inntil hundre asylsøkjarar. Menigheita har skrive kontrakt med UDI om å drive akuttmottak i to månader.

Tor Arne Larsen og Sylvia Mansford frå  Sentermenigheten i Asker gjer Holu leirstad klar til å ta imot inntil hundre asylsøkjarar.
Tor Arne Larsen og Sylvia Mansford frå Sentermenigheten i Asker gjer Holu leirstad klar til å ta imot inntil hundre asylsøkjarar.
Sylvia Mansford (t.v.) og Ingjerd Kaldheim seier det er krevjande å handle inn matvarer når dei ikkje veit kor mange som kjem. Onsdag var dei i bygda og fylte fire handlevogner.
Sylvia Mansford (t.v.) og Ingjerd Kaldheim seier det er krevjande å handle inn matvarer når dei ikkje veit kor mange som kjem. Onsdag var dei i bygda og fylte fire handlevogner.

– Det er ein krevjande jobb å kjøpe inn mat når me ikkje veit verken kor mange som kjem eller når dei kjem. Det var nokon som såg rart på oss då me stod i kassa for å betale. Me hadde fylt fire breiddfulle handlekorger, seier dei.

Vidare til andre mottak

Det er plass til å ta imot hundre personar ved leirstaden i Holu. Leirstaden har status som akuttmottak. Det betyr at dei som blir innkvartert her, vil bli slusa vidare til andre mottak om kort tid.

– Laurdag fekk me beskjed om at dei skulle vere her inntil sju dagar før dei vart sendt vidare. Måndag opplyste UDI at dei kan bli verande i fjorten dagar eller meir. Det er ikkje kapasitet i transitmottaksapparatet, seier Larsen. Sentermenigheten har fått kontrakt på mottaksdrift i to månader.

Velkomstpakke

Fram til det er tilsett folk til å drifte mottaket, vil dei frivillige stå for drifta. Ambisjonen er å gje dei eit godt førsteinntrykk av Norge.

– Me vil møte dei på ein venleg måte. Dei skal oppleve at det er reint og fint her og at dei får tre måltid med god mat kvar dag, seier Larsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Er det behov for at bygda stiller opp med varme klede og utstyr?

– Alle har fått ein «velkomstpakke» før dei kjem hit. Me har fått opplyst at pakken inneheld dyne, pute, sengetøy, handlkle og toalettartiklar. Dei skal også ha fått klede. Om det er tilstrekkeleg, veit me fyrst når dei kjem. Me har ikkje kapasitet til å ta jobben med å samle inn og sortere klede. Me håpar frivillige lag vil ta på seg den jobben, om det blir aktuelt. Det må me kome tilbake til, seier han.