SkiGeilos bussar skal frakte folk til gudstenestene i Geilo Kulturkyrkje julaftan. Dagleg leiar i SkiGeilo, Kevin Eikrehagen (t.v), kyrkjeverje Anders Ilsøy og dagleg leiar i SkiGeilo Utvikling, Berit Heitmann, har tru på testprosjektet.

Ventar opp mot 2000 personar til gudstenestene - tilbyr gratis buss

Det skal ikkje bli vanskeleg å kome seg til gudsteneste på Geilo julaftan. Med gratis skyss blir folk «bussa» til kyrkja.

Og det kan saktens vere nødvendig for å unngå trafikkork utanfor Geilo Kulturkyrkje. For det er venta storinntrykk på dei tre gudstenestene.

– Me ventar ein stad mellom 1500 og 2000. I 2019 var det 1800, seier kyrkjeverje Anders Ilsøy.

Artikkelen held fram under annonsen.

Busstransporten skjer i samarbeid mellom Hol kyrkjelege fellesråd og SkiGeilo. Det er skiselskapets bussar drifta av Geilo Turbusser som får eigne kyrkjeruter julaftan.

Samarbeidet vart til etter eit spørsmål frå Hol kyrkjelege fellesråd og Ilsøy.

– Kunne skibussane køyre folk til kyrkja?

Dagleg leiar i SkiGeilo, Kevin Eikrehagen (t.v.), kyrkjeverje Anders Ilsøy og dagleg leiar i SkiGeilo Utvikling, Berit Heitmann, må reklamere for gratis bussfrakt julaftan.

Svaret frå SkiGeilo var klart.

– Heilt supert å vere med på det. Me har som mål at det skal vere mogleg å kome til og ferdast på Geilo utan bil. No blir dette eit testprosjekt, seier dagleg leiar i SkiGeilo Utvikling, Berit Heitmann.

Julaftan kan det bli ei fin blanding av skikledde og folk i finstasen. Ilsøy er glad for at SkiGeilo tek ansvaret og håpar at årets test viser at det kan fungere.

– Og kan me spare 50-100 bilar utanfor kyrkja, er det veldig bra, seier Ilsøy.

Les også
Gjer ei god gjerning vesle juleaftan - gratis klipp til alle barn
Les også
Satsar på dagsturisme - på sikt vil dei ha færre bilar til fjells
Les også
Foreslår ny hytteskatt - gevinsten frå sal kan bli skattlagt