Det er førebels ikkje påvist smitte i reinstammen med kring 12.000 dyr på Hardangervidda.
Det er førebels ikkje påvist smitte i reinstammen med kring 12.000 dyr på Hardangervidda.

Ventar å finne fleire smitta dyr i Nordfjella

Reinsjakta i Hardangervidda villreinområde vart avslutta 30. september. Kring 800–900 dyr er testa for skrantesjuke, ingen har fått påvist smitte.

– Me er veldig glade for at me så langt ikkje har funne smitte på Hardangervidda. Jegerane har vore flinke og ivrige etter å sende inn prøver, seier Jørn Våge, forskar og CWD-koordinator ved Veterinærinstituttet.

Ikkje nok til å friskmelde

At det førebels ikkje er påvist smitte på Hardangervidda betyr ikkje at ein kan friskmelde villreinstammen her, eller på annan måte erklære Hardangervidda som fri for skrantesjuke.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei negative prøvene frå årets jakt er ein start. Men prøvetalet er for lite til at ein kan seie om vidda-reinen er friskmeld eller ikkje. Det trengst langt fleire prøver før ein kan seie noko om ein eventuell førekomst av skrantesjuke på Hardangervidda, seier Våge.

Ulike prøvemetodar

Ulik praksis for prøvetaking i Nordfjella og på Hardangervidda har vore eit heitt tema under årets reinsjakt. I Nordfjella tek representantar frå Mattilsynet ut prøver av både hjernevev og lymfeknutar frå alle felte dyr. På Hardangervidda har jegerane sjølv tatt ut, og sendt inn, hjerneprøver frå dyra dei har felt. Her har det vore mindre fokus på innsending av lymfeknutar. Dei to dyra som så langt har fått påvist skrantesjuke under reinsjakta i Nordfjella, fekk sjukdomen påvist i lymfeknutar og ikkje i hjernevev. Somme meiner dette gjev unøyaktige prøveresultat.

– Kva betydning har det at ein brukar ulike prøvemetodar i dei to områda?

Jørn Våge, forskar og CWD-koordinator ved Veterinærinstituttet.
Jørn Våge, forskar og CWD-koordinator ved Veterinærinstituttet.

– Ein får meir sensitiv prøvetaking ved å ta prøver av båe vevstypar. Ein må teste fleire dyr om ein berre tek hjerneprøver, enn om ein tek båe typar. Dette er fordi ein hjå villrein ofte kan påvise smitte eller sjukdom på eit tidlegare stadium i lymfeknutar enn i hjernevev, forklarar Våge.

«Sjuk» og «smitta» er like alvorleg

Det blir likevel feil å tenkje at dei to dyra som har fått påvist skrantesjuke i lymfeknutane er mindre sjuke enn dyr som får sjukdomen påvist i hjernevev. Og at dei såleis ikkje kan reknast som «fullverdige» positive funn av skrantesjuke.

– Dyr som har smitten i seg, men som ikkje visar teikn på sjukdom, vil til slutt utvikle synlege symptom. Skrantesjuke har ei lang inkubasjonstid. Såleis kan dyr som ber på sjukdomen smitte både miljø og andre dyr. Det blir feil å tenkje at skrantesjuke påvist «berre» i lymfeknutar er mindre alvorleg enn når sjukdomen er påvist i hjernen.

Ventar å finne fleire sjuke dyr

Det er framleis dryge tre veker att av den forlenga reinsjakta i Nordfjella. Så langt er i underkant av 600 dyr testa for skrantesjuke. I alt seks villrein frå Nordfjella har fått påvist skrantesjuke sidan det fyrste tilfellet vart oppdaga våren 2016.

– Ventar de å finne fleire sjuke dyr i Nordfjella?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja. Her kan me i motsetning til Hardangervidda seie noko om forventningar. Etter våre berekningar er kring ein prosent av stamma i Nordfjella smitta eller sjuke. Difor forventar me å finne fleire smitta dyr, seier Våge.