1. Tore Ivar Slettemoen

Vekequiz

Test deg sjølv i Hallingdølens nyheitsquiz.

1. Forretningsmannen Tor Ivar Slettemoen har planar på Geilo. Kva tenkjer me på?

2. Kva kommune i regionen vår har dei lågaste bukostnadene, ifølgje ei oversikt frå Huseiernes Landsforbund?

Artikkelen held fram under annonsen.

3. ... Og i kva hallingdalskommune er det dyrast å eige ein bustad?

4. ... Og berre for å ha noko å samanlikne med: Kva er årleg bukostnad om du eig bustad i Oslo, dyraste staden i landet?

5. Alle nødetatane rykte ut til ein spesiell redningsaksjon på Golsfjellet førre fredag. Kva skjedde?

6. Kva var den høgaste temperaturen som vart målt i Hallingdal i oktober i år?

7. ... Og kva var den lågaste?

8. Kva heiter Hallingdølens nye applikasjon der lesarane kan sende nyheitstips til redaksjonen?

9. Kva nettverk har Bergsjøstølen i Ål og Oset Høyfjellshotell og Golsfjell Fjellstue i Gol blitt med i?

10. Kven vann StartUpp Hallingdal, og med kva idé?

Artikkelen held fram under annonsen.

Her er svara

1. Han vil byggje eit tre-etasjar høgt leilegheitsbygg i Geilovegen, med 21 leilegheiter.

2. Hemsedal kommune, med 90.508 kroner i året.

3. Hol kommune, med 99.258 kroner i året.

4. Oslo: 165.266 kroner i året.

5. Ein turgåar gjekk seg fast ute på ei myr, og begynte å søkke. Då han vart redda stod han med myr til livet.

6. +16,2 grader i Gulsvik 5. oktober.

7. -7,3 grader i Dagali 14. oktober.

8. Tipps.

9. Norske Fjellstuer, der 17 norske fjellstover er med.

10. Ingunn Stræte frå Ål som vil byggje opp ei merkevare med garn og kortreist ull.

Åse Øyo var ei av tre ivrige damer som nyleg deltok på Ål Jeger- og fiskeforeinings «damenes dag». Målet er å få fleire damer med på jakt. - Eg kunne gjerne vore på jakt heile tida, det gjev ro i sinnet. Her er det ingen telefonar eller altinn, her er det stilla som rår, seier Åse fornøgd.