Statens vegvesen tilrår ei utbygging av Hardangervidda til to milliardar. (Arkivfoto)
Statens vegvesen tilrår ei utbygging av Hardangervidda til to milliardar. (Arkivfoto)

Vegarbeidet held fram

Interessene i Hol og forkjemparane for Hardangervidda vurderer vegen vidare etter Statens vegvesens rapport.

Konseptvalutgreiinga (KVU) for Rv7 over Hardangervidda som vegvesenet la fram på Storefjell tidlegare denne veka gav ingen ny informasjon som endrar vegvesenets standpunkt på hovudtrasear mellom aust og vest.

Framleis er E134 over Haukeli og Rv7/Rv52 over Hemsedalsfjellet favorittane. Men vegvesenet konkluderte med at dagens situasjon ikkje er god nok, og at det difor er tilrådeleg å bygge ut Vidda.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mellomløysing?

Konklusjonen gjev håp for interessene i Hol.

For to milliardar foreslår Statens vegvesen ein 6,2 kilometer lang Dyranuttunnel og ytterlegare oppgradering av vegen. Og sjølv om dei opphavlege tunnelplanane til vegforkjemparane er vesentleg større enn det vegvesenet foreslår, er dette noko å arbeide vidare med.

– Me fekk positive signal. Eg føler me kom så bra ut som mogleg, seier ordførar Petter Rukke (Ap).

Ordførar i Hol, Petter Rukke (Ap), er fornøgd med signala frå Statens vegvesen. – Spørsmålet er om me bør sjå på moglegheitene for ei mellomløysing, seier Rukke om tunnelalternativa.
Ordførar i Hol, Petter Rukke (Ap), er fornøgd med signala frå Statens vegvesen. – Spørsmålet er om me bør sjå på moglegheitene for ei mellomløysing, seier Rukke om tunnelalternativa.
– Me arbeider vidare med selskapets formål. Det er ein lang tunnel, seier styreleiar i Hardangerviddatunnelene AS, Tony A. Kjøl.
– Me arbeider vidare med selskapets formål. Det er ein lang tunnel, seier styreleiar i Hardangerviddatunnelene AS, Tony A. Kjøl.

For det var knytt spenning til KVU-en. Frå fleire hald får Hallingdølen opplyst at mange frykta at vegvesenet ville tilrå ikkje å bygge ut.

– Vegvesenet understrekar vegens rolle som turistveg. Det er viktig for oss. Og for Hol er det heller ikkje noko stort mål å få alle trailerane gjennom kommunen, seier Rukke, som trur regulariteten blir betre med dette forslaget.

– Spørsmålet er om me kunne sett på ei mellomløysing med ein litt lenger tunnel.

Arbeider for lang tunnel

Styreleiar i Hardangerviddatunnelene AS, Tony A. Kjøl, seier dei arbeider vidare med selskapets formål:

Ein lang tunnel. Då er aust-vest-utgreiinga nøkkelen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er to parallelle prosessar. Det er aust-vest og KVU-en. Me er fornøgde med litt av det som står i KVU-en, men meiner at føresetnadene for KVU-en blir feil når dei baserer seg på aust-vest-utgreiinga, seier Kjøl.

Det blir jobba intensivt med å påverke prosessen fram til samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) tek avgjerda om kva for vegar som får status som hovudveg seinare i haust. – Me legg ikkje ned arbeidet før avgjerda er teke, seier Kjøl.

– Noko positivt å ta tak i vegvesenets rapport?

– Det positive er at Statens vegvesen seier at det må gjerast noko og erkjenner problema knytt til villrein og regularitet. Dei trekkjer også fram reiseliv og personbiltrafikk. Det er nytt. Men etter vårt syn løyser forslaget berre delvis problema.

Strategiske val

Leiar i interesseselskapet for Rv7 og ordførar i Flå, Tor Egil Buøen, meiner også vegvesenets konklusjon er positiv.

– Me føler me har nådd gjennom med viktige argument, særleg når det gjeld dei regionale effektane. Det fekk også statsråden med seg. Me er kanskje nær å få noko inn i Nasjonal transportplan, seier Buøen.

Spørsmålet er likevel kva som blir vegen vidare. Skal forkjemparane for Rv7 halde tak i moglegheita som Statens vegvesen skisserer eller satse korta på ein lenger tunnel?

– Vegen blir 50 prosent meir vintersikker med vegvesenets forslag. Men to milliardar gjer ikkje vegen vintersikker nok. Me må gjere nokre strategiske val. Og dei må gjerast raskt, seier Buøen.