Jorda rundt garden Mjølid på Bromma kan seljast som tilleggsjord.
Jorda rundt garden Mjølid på Bromma kan seljast som tilleggsjord. Foto: Egil Blomsø

Vedtaket kjent lovleg av fylkesmannen

Vedtaket i Nes kommunestyre var gyldig.

Det er konklusjonen til Fylkesmannen i Oslo og Viken etter å ha behandla eit krav om kontroll av vedtaket, sett fram av fire representantar i kommunestyret.

Saka dreier seg om salet av garden Mjølid i Bromma i ytre Nes. Garden står tom, og reint konkret står striden om eigaren får selje tilleggsjord til fire landbrukseigedommar i grenda, eller om eigedommen må seljast under eitt. I juni i fjor vedtok eit fleirtal i kommunestyret at eigedommen kan delast opp. Ap og Sp stemte imot.

Kravde

Kommunestyrerepresentantane Gerd Jorde, Helge Rustand, Frode Aaslid og Kjell Ålien fremja krav om lovlegheitskontroll, og viste til at det er gjort saksbehandlingsfeil.

Klaga vart avvist av kommunestyret i februar i år, derfor gjekk den vidare til fylkesmannen. Spørsmålet var om vedtaket er vorte til på ein lovleg måte.

Habilitet var eit stikkord. Det vart i klaga vist til at ein kommunalsjef var ein av kjøparane til parsellane som det var søkt om å frådele, og at ein av saksbehandlarane som deltok i oppstartsmøtet derfor var inhabil. Det legg også fylkesmannen til grunn. Derfor vart saka sendt over til administrasjonen i Ål kommune som utarbeidde eit saksframlegg. Saka er såleis ikkje behandla av administrasjonen i Nes kommune, påpeiker fylkesmannen.

Klagebehandlinga vart også gjort i ei annan kommune. Slik fylkesmannen ser det har ikkje dei inhabile saksbehandlarane vore med og «tilrettelagt grunnlaget for ei avgjerd, ettersom det var andre kommunar som utarbeidde saksframlegget».

Behandla av Ål

Dei fire representantane viser i klaga også til at det i oppstartsmøtet vart gitt føringar for delingssaka av inhabile saksbehandlarar.

Til det uttaler fylkesmannen: «Dersom det vart gitt føringar i oppstartsmøte er det tvilsamt om dette har påverka den seinare prosessen ettersom den vidare behandlinga av saka vart gjort i Ål kommune». Fylkesmannen konkluderer med at klagen ikkje har ført fram.