Under kyrkjevalet skal det veljast sju lekfolk til å sitje i biskopens råd. Dei blir også utsendingar til det årlege Kyrkjemøtet, det øvste folkevalde organet i Den norske kyrkja. Her er Jan Otto Myrseth, biskop i Tunsberg, med under nattverden i Ål kyrkje.
Under kyrkjevalet skal det veljast sju lekfolk til å sitje i biskopens råd. Dei blir også utsendingar til det årlege Kyrkjemøtet, det øvste folkevalde organet i Den norske kyrkja. Her er Jan Otto Myrseth, biskop i Tunsberg, med under nattverden i Ål kyrkje.

Ved å stemme i kyrkjevalet er du med på å påverke vegen vidare i kyrkja

Skal Den norske kyrkja vere ei allmenn folkekyrkje med låg terskel? Eller eit trusamfunn der dei mest aktive bibellesarane har makta?

Det er dette som står på spel før årets kyrkjeval.

Sju kandidatar skal ta plass rundt biskopens bord i Tunsberg. Dei skal vere med å påverke kyrkjepolitikken i Tunsberg dei fire neste åra, men blir også utsendingar til det årlege Kyrkjemøtet. Kyrkjemøtet er det øvste folkevalde organet i Den norske kyrkja, kyrkjas svar på Stortinget.

Artikkelen held fram under annonsen.

Polarisering i kyrkja

Kyrkja har opna dørene for homofile par som vil gifte seg. Dette var den store stridssaka ved førre kyrkjeval. Kyrkjevalet 2015 førte både til auka polarisering, men også auka oppslutnad om kyrkjevalet. Vel 16 prosent av dei stemmeføre nytta stemmeretten i 2015. Det er ikkje eit høgt tal, men vesentleg høgare enn ved tidlegare kyrkjeval.

Kyrkjemøtet sa ja til vigsel av homofile par, men slo samstundes fast at det er to sidestilte syn på ekteskapet i Den norske kyrkja. Kyrkja skal ha takhøgd både til konservative og folk med eit liberalt teologisk grunnsyn. Det er innført ordningar som sikrar at konservative prestar kan reservere seg mot å utføre handlingar som er i strid med det dei står for.

Kandidatar frå tre lister

Når striden om vigsel av homofile, har landa, kva står då på spel i årets kyrkjeval? I år er det andre spørsmål det handlar om, spørsmål som er viktige for kva retning kyrkja utviklar seg framover. Desse spørsmåla er ikkje like enkle å plassere i aksen konservativ – liberal, men polariseringa frå førre kyrkjeval lever likevel vidare. Det kjem til uttrykk gjennom ulike kyrkjepolitiske lister.

Sevat Lappegard, utflytt åling, har femteplassen på Åpen folkekyrkje si liste. Han er i dag pensjonist, men har hatt eit heilt yrkesliv som prest i Den norske kyrkja.
Sevat Lappegard, utflytt åling, har femteplassen på Åpen folkekyrkje si liste. Han er i dag pensjonist, men har hatt eit heilt yrkesliv som prest i Den norske kyrkja.
Inga Stoveland Dekko (18) har tredjeplassen på Åpen folkekyrkje si liste til bispedømmerådsvalet i Tunsberg.
Inga Stoveland Dekko (18) har tredjeplassen på Åpen folkekyrkje si liste til bispedømmerådsvalet i Tunsberg.
Mjølkebonde og friluftsrettleiar Øyvind Thorset frå Hemsedal er kritisk til den retninga kyrkja har utvikla seg. Han ønskjer seg ei kyrkje med tydlegare bibelsk fundament og står på femteplass på Bønnelista i Tunsberg.
Mjølkebonde og friluftsrettleiar Øyvind Thorset frå Hemsedal er kritisk til den retninga kyrkja har utvikla seg. Han ønskjer seg ei kyrkje med tydlegare bibelsk fundament og står på femteplass på Bønnelista i Tunsberg.
Tidlegare kommuneoverlege i Ål, Øystein Lappegard har tredjeplassen på nominasjonskomiteen si liste i Tunsberg bispedømme. Denne lista er sett saman av folks om har fått tillit i lokale sokneråd i bispedømmet.
Tidlegare kommuneoverlege i Ål, Øystein Lappegard har tredjeplassen på nominasjonskomiteen si liste i Tunsberg bispedømme. Denne lista er sett saman av folks om har fått tillit i lokale sokneråd i bispedømmet.
Tidlegare Nes-ordførar Gerd Eli Berge har åttandeplassen på nominasjonskomiteen si liste i Tunsberg.
Tidlegare Nes-ordførar Gerd Eli Berge har åttandeplassen på nominasjonskomiteen si liste i Tunsberg.

Stat og kyrkje skilde lag gjennom ei grunnlovsendring i 2012. I neste periode må Kyrkjemøtet ta stilling til korleis Den norske kyrkja skal styrast i framtida. Korleis skal kyrkjedemokratiet utformast? Kven skal ha arbeidsgjevaransvaret i kyrkja? Tidlegare vart prestar utnemnd i kongeleg statsråd. I dag er dette ei oppgåve for bispedømmerådet. Men kor mykje skal i framtida bestemmast lokalt av kvart sokneråd? Korleis skal mindretal sine rettar sikrast og korleis skal makta balanserast i kyrkja?

I Tunsberg er det tre lister å velje mellom, og to av listene går til val på eit kyrkjepolitisk program; Åpen folkekyrkje og Bønnelista.

«Folket må ikkje bli kyrkjelaust»

Open folkekyrkje har eit kyrkjepolitisk program som tek til orde for ei «opnare kyrkje». Dei ønskjer ei kyrkje som fremjar menneskeverd og som motarbeider diskriminering, heiter det i programmet.

– «Folket må ikkje bli kyrkjelaust», sa tidlegare kyrkjeminister Einar Førde då det vart snakk om å løyse opp statskyrkja. Han sette ord på kva dette handlar om. Folkekyrkja er viktig for folk og det er viktig at folk skjønar det og brukar stemmeretten. Eg vil jobbe for ei brei kyrkje som er open for alle, utan annan inngangsbillett enn at folk er døypt, seier Sevat Lappegard.

Lappegard, som er utflytt åling, har på femteplassen på lista, mens Inga Stoveland Dekko (18) frå Ål har tredjeplassen på lista.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har fått gjennomslag for at homofile kan gifte seg i kyrkja. Det er mange som lurer på kva Åpen folkekyrkje står for i dag? For min del handlar det om å jobbe for at kyrkja framleis skal vere open og inkluderande, seier ungdomskandidaten.

– Kyrkja har gått i feil retning

Øyvind Thorset frå Hemsedal har på femteplassen på Bønnelista i Tunsberg. Bønnelista er opptekne av at Den norske kyrkja skal vidareføre bibelske tru og tradisjon som kyrkja har vore tufta på sidan reformasjonen.

– Eg representerer den delen av grasrota som kjenner på ei sorg over den retning kyrkja har utvikla seg. Eg meiner Den norske kyrkja må ha Bibelen som tydeleg fundament. At Kyrkjemøtet sa ja til likekjønna vigsel, er eit symptom på ei utvikling me er kritiske til, og denne utviklinga har halde på lenge. Me er imot ei politisering av kyrkja, at interessegrupper på venstresida skal styre kyrkja med bakgrunn i populistiske straumdrag i tida, som at kyrkja skal blande seg inn i kor det skal opnast for oljeleiting, seier han. I dag er det bispedømmerådet som har i oppgåve å tilsette prestar. Thorset seier Bønnelista i komande periode vil jobbe for større lokalt sjølvstyre. Dei ønskjer ikkje at tilsettingar blir avgjort utan at lokale sokn får vere med å påverke.

Med mandat frå lokal kyrkjelyd

Til forskjell frå Åpen folkekyrkje og Bønnelista, står ikkje kandidatane på nominasjonskomiteen si liste inne for eit kyrkjepolitisk program. Lista rommar kandidatar med ulike teologiske og kyrkjepolitiske syn. Øystein Lappegard frå Ål har tredjeplassen på nominasjonskomiteen si liste, og Gerd Eli Berge frå Nes har åttandeplassen. Dei har sitt mandat gjennom tillit frå ein lokal kyrkjelyd.

– Tungt å drive valkamp i skvis mellom to polariserte lister?

– Viss folk ønskjer eit bispedømmeråd med lokal tilknyting, og som rommar heile mangfaldet i kyrkja, vil dei finne det på nominasjonskomiteen si liste. Me kan ha ulike syn i enkelte spørsmål, og mine synspunkt stemmer i mange saker overeins med Åpen folkekyrkje. Men ved å stå på nominasjonskomiteen si liste, får eg mandat frå mitt eige lokalsamfunn i Hallingdal prosti. Dei store sakene som skal på dagsorden neste periode, er valordning og organiseringa av kyrkja. Det er uklart for meg om Åpen folkekyrkje og Bønnelista har klare svar på dette. Eg kjem til å rådføre meg med lokale folk i spørsmål som blir lagt fram i bispedømmerådet, seier Lappegard.

...

Her er kandidatane

Det skal veljast kandidatar til bispedømmeråd og Kyrkjemøte, men det skal også veljast medlemmer i lokale sokneråd. 

Artikkelen held fram under annonsen.

I Hallingdal og Nore og Uvdal er det i alt 139 kandidatar som står på val i 13 sokneråd i dei sju kommunane. Det er ikkje ulike kyrkjepolitiske lister å velje mellom i soknerådsvalet. Her er det ein nominasjonskomite i kvart sokn som har sett opp ei prioritert liste. Det er lov gjere endringar på listene ved å gje stemmetillegg til inntil tre kandidatar på lista. Du kan også føye til inntil tre «nye» kandidatar. 

Nore sokn (fire medlemmer)

1. Merete Ørjansen (1967)

2. Jens Jacob Jensen (1964)

3. Gro Kollandsrud (1951)

4. Sigrid Imingen Deinboll (1939)

5. Gunn Marit Bergerud (1959)

6. Heidi Fedje (1972)

Artikkelen held fram under annonsen.

7. Nelly Gunvor Strømmen (1948)

8. Inger Sjaavaag (1968)

9. Anne Beate Rye Teigen (1968)

Uvdal sokn (fire medlemmer)

1. Wibekke Tufto (1967)

2. Knut Morten Bjørnsrud (1960)

3. Eli Kleivedalen (1964)

4. Grete Enerstvedt (1951)

Artikkelen held fram under annonsen.

5. Britt Synnøve Guton Halland (1956)

6. Harald Tollefsen (1951)

7. Britt Karin Flaata (1958)

8. Reiar Røisland (1959)

9. Aud Sidsel Haugen (1958)

Tunhovd sokn (fire medlemmer)

1. Torun Thorson Kolstad (1991)

2. Regina Levorsen (1960)

Artikkelen held fram under annonsen.

3. Susanne Lund Lindborg (1985)

4. Vigdis Skaar Lindborg (1953)

5. Ole Christian Haga (1970)

6. Anne Grete Lindvik (1978)

7. Tor Egil Rotegård (1964)

8. Carolin van de Kassteele (1974)

9. Håvard Rotegård (1968)

Skurdalen og Dagali sokn (fire medlemmer):

1. Siv Elin Bragstad Kjønaas (1964)

2. Anders Ilsøy (1975)

3. Bjørg Utstrand Lia (1956)

4. Hanne Svartaas Håvardsrud (1962)

5. Torill Flataaker (1947)

6. Berit Håvardsrud Simensen (1951)

7. Gudrun Irene Herleiksplass (1955)

8. Tommy Rennehvammen Halland (1985)

9. Karin Ingfrid Kåseth (1957)

Geilo sokn (seks medlemmer):

1. Tor Olav Reime (1953)

2. Inger Arnesen (1967)

3. Trond Fredrik Persen (1972)

4. Georg William Christiansen (1956)

5. Johanne Grydeland Sulejewski (1982)

6. Anne-Kristin Solberg (1961)

7. Helge Ryo-Bergstad (1969)

8. Line Therese Sperrevik Persson (1975)

9. Vilde Vebjørnsdotter Bragstad Torblå Kjønaas (1998)

10. Svein Petter Slaatto (1986)

11. Robin Nordengen Bjørnstad (1987)

12. Kristian Tandberg Fosshagen (1983)

Hol sokn (fire medlemmer):

1. Kjell Haugo (1966)

2. Gro Augunset (1968)

3. Brit Kaupang (1948) 

4. Ole Bjørn Kleven (1958)

5. Rita Kleiv (1965)

6. Bjørn Huskelien Seim (1957)

7. Tove Skogly (1968)

8. Knut Medhus (1945)

9. Leif Johnny Nestegard (1968)

Ål sokn (fire medlemmer til felles sokneråd for heile kommunen):

1. Arild Øystese Hansen (1956)

2. Liv Margit Sørbøen (1957)

3. Einar Brattegard (1941)

4. Wenche Skår-Ekse (1969)

5. Anne Kjersti Frøyen (1961)

6. Tor Sletten (1952)

7. Siv Sylvarnes (1963)

8. Ole Øyvind Anderson (1954)

9. Dagrun Kristine Aas Ilstad (1951)

10. Grethe Knutsen (1970)

11. Gerd Andreassen (1949)

Leveld sokn (to medlemmer til felles sokneråd for heile kommunen):

1. Torfinn Slåtto (1970)

2. Liv Asdahl Solberg (1953)

3. Oddveig Skrindo Tveitehaug (1969)

4. Else Karin Holte Veslegard (1956)

5. Jorun Teksle Gurigard (1963)

6. Gerd Opheim Berg (1973)

7. Kristin Trintrud (1965)

Torpo sokn (to medlemmer til felles sokneråd for heile kommunen):

1. Birger Bolstad (1953)

2. Wenche Smestad (1966)

3. Sigrid Johnsrud (1960)

4. Anette Karterud (1978)

5. Svein Halvard Moen (1968)

6. Vigdis Vedvik Gåsterud (1968)

7. Hilde Brekke (1973)

8. Svein Medhus (1965)

9. Anne Kristine Tveit (1956)

10. Laila Merete Knaldre (1967)

11. Jorun Opheimsjorde (1968)

12. Håkon Sato (1961)

13. Anne Gerd Fleten Jorde (1960)

14. Kari Kristine Flatland (1957)

15. Marianne Helling (1972)

Gol og Herad sokn (åtte medlemmer):

1. Gunn Astrid Frøysok (1967)

2. Jorunn Viljugrein Stake (1965)

3. Olveig Synnøve Engene (1964)

4. Sigurd Sato (1956)

5. Inger Lagmannsgård (1947)

6. Marita Embre Stigen (1978)

7. Ole Dag Møllerplass (1965)

8. Heidi Bråten (1981)

9. Hilde Midtgård (1969)

10. Wenche Dahl-Michelsen Fløysand (1967)

11. Helge Krusedokken (1973)

12. Berit Bjørge (1962)

13. Anne Kari Smaaberg (1958)

14. Ole Roar Hagen (1970)

15. Evi Anita Torp (1974)

16. Bjørg Inger Møllerplass (1942)

Hemsedal sokn (seks medlemmer):

1. Håvard Venås (1963)

2. Synnøve Vågen Venås (1985)

3. Oddmund Jordheim (1955)

4. Monika Bakko (1969)

5. Kristin Mythe Eitrheim (1982)

6. Leif Erik Haug (1973)

7. Irene Markegård (1974)

8. Hilde Bakke Jensen (1964)

9. Øyvind Gjærde (1964)

10. Ole Embriksgård (1972)

11. Margit Løkken (1969)

12. Einar Thorseth (1950)

Nes sokn (seks medlemmer):

1. Dag Smestad (1952)

2. Gerd Eli Berge (1954)

3. Liv Barbro Langslet Lilleslåtten (1959)

4. Olav Liodden (1954)

5. Bente Oppen Østenfor (1969)

6. May Kristin Haga Aaslid (1969)

7. Anne Beate Brøto Langslet (1977)

8. Mona Gretha Garborg (1951)

9. Ingebjørg Helene Rostad Valdresbråten (1941)

10. Tom Henning Landsrud (1956)

11. Ingrid Helleland Haugo (1969)

Flå sokn (fire medlemmer):

1. Jon Roar Strandenes (1951)

2. Aud Marianne Eidal Berg (1949)

3. Marianne Haugen Evenstuen (1973)

4. Dan Kenneth Gigernes (1978)

5. Silje Marie Bryhn (1990)

6. Elise Breivik (1980)

7. Ellinor Frisenberg (1962)

8. Sille Kristin Gandrud (1971)

9. Martha Karin Al-Azzawi Teigen (1964)

10. Aud Elisabeth Myhre Andersen (1946)

* 8. og 9. september er det val til både sokneråd og til bispedømmeråd i Den norske kyrkja.

* Alle kyrkjemedlemmer har stemmerett frå det året dei fyller 15 år.

* Kven sit i bispedømmerådet? Biskopen, ein prest som er vald av prestane, ein tilsett som er vald av dei tilsette, og sju lekfolk som blir vald under kyrkjevalet.

* Bispedømmerådet er utsendingar til det årlege Kyrkjemøtet.

* Det er tre lister å velje mellom i bispedømmerådsvalet: Åpen folkekirke, Bønnelista og Nominasjonskomiteen si liste.