Gry Brunes har tatt om lag 50 telefonar for å høyre om Flåværingane vil evakuerast. Det er det svært få som ynskjer.

– Det er ifrå Flå kommune. Eg ringer for å høyre om du vil bli evakuert

Helikopteret har sirkla over bygda. Fleire er evakuert og kommuneadministrasjonen bruker heile dagen i møte. Ingen flåværingar har sett elva så stor som no.

I kommunestyresalen på Veksthuset går møteverksemd føre seg. På biblioteket og hotellet sit folk som har måtte reise frå husa sine. Hjå damene på servicetorget er telefonlista lang. Dei har i oppgåve å gje folk tilbodet om å bli redda. Rundt klokka 14:30 får Hallingdølen rapportar om at vatnet framleis stig i Hallingdalselva.

Klokka 18 syner målingar at vatnet under Flå bru går noko ned. Flå kommune melder det same på sine Facebooksider. Dei skriv akuttfaren er over, men at 43 personar totalt er evakuert. 125 personar har fått anbefalt evakuering, men takka nei. Det er forventa at Hallingdalselva og Kørderen vil minke ut over morgondagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Situasjonsrapport frå Flå klokka 14 onsdag

* 13 bustader evakuert i dag.

* Stengde vegar: Rv7 ved Kolsrud, barnehagen og Listøen. Flatsjøvegen og Austsidevegen mellom Kvie og Veltevegen.

* Tiltak som er sett i verk: Sjekking av alle vegar, bekkar og elvar fleire gonger i døgnet. Entreprenør overvakar alle bruer. Geolog vurderer rasfare. Budd på å evakuere tre personar frå kjellaren på Flåheimen.

* Kommunen er merksam på ras og flaum. Det kan sjå ut som me er i ferd med å nå ein topp. Situasjonen blir overvaka nøye.

Situasjonsrapporten er sendt Statsforvaltaren i Oslo og Viken.

13 evakuert til no

På laget har dei fått innsatsleiar Torben Henriksen hjå politiet Sør-Øst. Han styrer helikopteret som i løpet av natta har redda ut dei som fekk vatnet inn i huset.

– Me har mykje luftressursar, både for å transportere mannskap oppover i dalen, for å evakuere og for å ta faglege vurderingar ute med fagfolk. Slik sett bruker me fleire luftressursar per no.

Vatnet stig i Flå. Slik ser det ut ved Flå bru onsdag ettermiddag.

– Korleis er situasjonen på Flå no?

– Eg er ikkje geologen, men me nærmar oss ein topp, seier Henriksen klokka 13:45.

Kommunen jobbar no med evakuering i utsette område. Langs austsida i Flå har fleire måtte forlate husa sine. Bebuarar i Kolsrud og sør for Flå sentrum blir også råda til å evakuere. Til no har 13 bustader blitt evakuert.

– Det er kommunen som evakuerer bebuarane sine, og me bidreg med ressursar på stader ein ikkje kjem til med kommunale instansar. Helikopter til dømes. I tillegg vurderer me, saman med geolog om det er trygt. Det er fleire stader her som er rasutsett.

Flaum og vassmengde er det som gir utfordringar, seier Henriksen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er det som genererer fare.

Kommuneadministrasjonen i Flå har sete i møte i heile dag. No håper dei snart å sjå ein topp på flaumen.

Mange blir heime

Men ikkje alle ynskjer å forlate hus og heim. På servicetorget på Flå ringer dei ut til folk langs heile Austsidevegen. Over femti har fått tilbodet om evakuering. Men det er det ikkje alle som vil.

«Det er ifrå Flå kommune. Eg ringer for å høyre om du vil bli evakuert.»

– Nokon vil vente, vatnet står jo ikkje opp til huset enno, sjølv om dei er innesperra. Då dobbeltsjekkar me med dei at dei har mat, at huset er ok og at helsa er i behald. Det er jo frivillig å bli redda, seier Gry Brunes som til no har ringt rundt 50 flåværingar.

– Skal vera kjent med konsekvensane

– Det som er krevjande er dei som ikkje ynskjer å bli evakuert. Om ein får ein nødssituasjon, helsemessig eller anna seinare, så får ein mange på ein gong. Det gir nokre utfordringar. Men per no har me god kontroll, seier innsatsleiar Henriksen.

– Så det er ingen utfordring per no at folk ikkje ynskjer å bli evakuert?

– Ein skal vera kjent med konsekvensane av det. Me har ikkje uavgrensa med luftressursar og redningsmannskap. Men per no har me kapasitet.

Politi og kommune samarbeider om å evakuere folk i Flå kommune.

Problemet flytter seg nedover

– Flå er veldig isolert no. Kor kritisk er det?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har kort veg til luftambulanse, og me har dialog med kommunen på kva for helsetenester me har tilgjengeleg. Det er kompetanse her, og me må bruke det som er.

– Flytter problemet seg nedover?

– Me har drive på i heile natt, og me flytter oss stadig nedover. Me har drive på lengre opp i dalen i heile natt. No begynner dei å evakuere i Hønefoss. Dette vatnet skal også ende opp i Drammen til slutt, seier Henriksen.