Vart sist sett på Bergensbanen - no er ho meldt sakna: - Me arbeider ut ifrå fleire hypotesar

Den sakna 60-åringen skulle ha kome heim laurdag, men dukka aldri opp.

I samråd med dei pårørande går politiet no ut og ber om tips etter at kvinna vart meldt sakna laurdag kveld.

Det siste sikre sporet av henne er at ho gjekk på toget i Bergen klokka 15:37 laurdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Arne Fjellstad seier dei trur kvinna har gått av på Finse stasjon.

– Me kan ikkje fastslå, men er ganske sikker på at ho har gått av der. Politiet arbeider framleis med ettersporing og går igjennom videoovervaking.

Den sakna kvinna er 169 cm høg, 60 år og skal vere i god form.

Dottera til den sakna har meldt etterlysinga på Facebook, der innlegget i skrivande stund er delt over 11000 gonger.

– Me veit ho har ein nokså lang allvêrsjakke i mørkeblå/lilla, og turkis tursekk. Det er observert at ho ha vore på toget vidare forbi Myrdal, fortel dottera.

Tysdag kveld vart det starta leiteaksjon på Finse. I søket har det blant anna blitt brukt politihelikopter, i tillegg til hundeekvipasjar og mannskap frå Røde Kors.

Operasjonsleiaren seier torsdag at politiet framleis driv taktisk undersøking i saka.

– Me arbeider ut ifrå fleire hypotesar. Det er eigen etterforskningsgruppe som jobbar med dette, og det pågår søk i teigar på Finse no.

Artikkelen held fram under annonsen.

Har du tips i saka? Ta kontakt med Vest politidistrikt på tipstelefon: 476 96 060.