Forsvann frå reisefølge
Laurdag morgon vart ein 28 år gammal mann meldt sakna i Hemsedal.
Mannen var del av eit reisefølge som hadde overnatta i området ovanfor skiheisen. Laurdag morgon skulle dei reise vidare sørover og heim til Tyskland. Kring klokka halv ni oppdaga nokon i følget at han var borte. Dei hadde leita i nokre timar sjølv før politiet kring kl. tolv fekk melding om at dei sakna mannen. Det var lengje uvisst om han hadde teke seg vidare til fots langs veg eller i terreng, via taxi eller funne ein buss.
To timar seinare vart mannen funnen i botnen av skisenteret av ein tysk turist. Han var uskadd og elles i god form.