Ordførar Tor Egil Buøen.
Ordførar Tor Egil Buøen.

– Vart erklært habil

Ordførar Tor Egil Buøen håpar på ei rask avklaring.

– Eg håpar fylkesmannen har behandla saka innan 19. mars. Då kan me anten sluttbehandle planen, eller leggje den ut på ny høyring, seier han.

Til påstandane om inhabilitet, seier Buøen:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har ikkje kome med innspel til planen som leiar i grunneigarlaget, og er etter forvaltningslova ikkje nokon part som er automatisk inhabil. Då saka var til behandling i kommunestyret første gong, stilte eg derfor spørsmål om eg likevel var inhabil som leiar i grunneigarlaget og at eg har ein eigedom 6–7 km frå planområdet. Kommunestyret erklærte meg habil, seier Buøen.

– Eg tok habiliteten opp på nytt med det nye kommunestyret i januarmøtet då den vart lagt ut på 2. gongs høyring. Eg kunne sikkert ha sagt ein gong til at eg er leiar i grunneigarlaget, men dette er også relativt kjent i Flå, og det er opplyst i styreregisteret til KS.

– Forstår du reaksjonane frå hytteeigarane?

– Eg kan forstå reaksjonane, men ikkje at «vesle» Flå ikkje treng næringsutvikling. Me har opplevd før også at skal det gjerast noko i eit hytteområde, ønskjer dei som har hytte at det ikkje kjem fleire hytter, seier Tor Egil Buøen.