Lesarane av Sogn Avis har stemt fram 21 år gamle Andrea Voll Voldum som den mest markante personen i regionen siste året.
Lesarane av Sogn Avis har stemt fram 21 år gamle Andrea Voll Voldum som den mest markante personen i regionen siste året.

Vart Årets sogning

Lesarane av Sogn Avis har kåra 21 år gamle Andrea Voll Voldum til Årets sogning.

Voldum vart i sommar kjent over heile landet då ho stod fram i media etter den såkalla Hemsedals-saka. Tre menn var i lagmannsretten frikjende for gruppevaldtekt mot henne. Hallingdal tingrett hadde derimot dømt dei tre til fengsel.

Kommentar

Etter at Hallingdølens rettsreporter Arne Ole Lindahl tok opp saka på kommentarplass, begynte saka å rulle i media.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då valde den unge jenta å stå fram. Ho fekk massiv støtte over heile landet. I både byar og tettstader vart det arrangert store aksjonar til støtte for henne.

Viste mot

Ifølgje Sogn Avis har lesarane kåra Voldum for at ho var modig nok til å stå fram.

– Eg hadde aldri førestilt meg ei slik merksemd. Det er utruleg at ikkje berre mi sak, men valdtekter generelt, har vorte sett i søkjelys i eit slikt omfang, seier ho til Sogn Avis.

Samtidig opplyser ho at ho har valt å vende blikket framover. Mellom anna ynskjer ho å halde føredrag, ikkje berre om opplevinga, men også om tida etter, og korleis det kan endre ein person.

– Det er tungt og vondt, men i ettertid kjenner eg at det heile har gjort meg sterkare. Ein blir kjend med seg sjølv, fortel ho.