Dårleg ver: Slik ser det ut på Fv50 Hol-Aurland ved Vesterdalstjern midt på dagen sundag. Webkameraet peikar mot aust. Kameraet står nokre kilometer aust for staden der det no har skjedd eit større trafikkuhell.

Store materielle skader i kollisjon på Fv50 - dårlegare vêr i vente

Det tuggar seg til på overgangane i høgfjellet. Eit større trafikkuhell skaper vanskar på Fv50 Hol-Aurland.

Statens vegvesen har frå før stengt Rv7 for lette køyretøy og innført kolonne for tungtransporten.

Det er venta sterk vind og til dels mykje nedbør i fjellet i avslutninga av påskehelga. Statens vegvesen varslar no at det kan bli problem på ei rekkje fjellovergangar. I nærområda til Hallingdal gjeld dette alt frå Hardangervidda og til og med Fv51 Valdresflya. Fv51 er stengd, og vil ikkje bli opna i dag, sundag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Slik ser det ut på Rv7 forbi Dyranut i morgontimane. Statens vegvesen varslar problem på fjellovergangane i dag.

Fv 50 Hol-Aurland vart like før klokka 13 sundag stengd på grunn av ei trafikkulykke i Vetlebotnunnelen, like aust for Steinbergdalen, på vestsida av fjellet. I alt er fire bilar og 13 personar innblanda i ulykka som skal ha skjedd i samband med kolonnekøyring. Vest politidistrikt opplyser at ein bil køyrde i tunnelveggen, og at det oppstod ein kjedekollisjon som følge av dette.

Sundag morgon var det somme stader redusert sikt, stiv kuling, skya og lett snøvêr, men Meteorologisk Institutt varsla ut på dagen sundag at uvêret kjem til å auke på, og vil halde seg slik til langt ut på andre påskedag.

Det ser førebels ut til at Rv52 Hemsedalsfjellet blir halden open. Det same gjeld E16 over Filefjell. Følg trafikkmeldingane her.

Les også
Påskeheimfarten er i gang
Les også
Redda to personar i Hemsedal
Les også
Påsketurist overnatta bak mål
Les også
Skiprestane møtte folk i løypa
Les også
Viffen (90): - Vil aldri gi meg med å stå på ski