Slik såg det ut på Rv52 ved Eldrevatnet sundag kveld.

Farevarsel: Melder regn og hard vind i fjellet

Meteorologisk institutt har sendt ut farevarsel for fjellovergangane det neste døgnet.

– Måndag kan mykje vind og overgang til regn gje isete fjellovergangar i Sør-Norge, skriv Meteoroligisk instutt i ei melding Vegvesenet har sendt vidare til media sundag.

Varselet gjeld frå klokka 01.00 natt til måndag og og framover eit døgen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Yr.no varslar om kraftig vind i våre område. Både på Haugastøl (Rv7) og Eldrevatnet på Hemsedalsfjellet (Rv52) er det meldt vindstyrke frå 16 - 22 meter per sekund. Når dette blir kombinert med regn, blir det tøffe forhold i fjellet.

Hald deg oppdatert på forholda på fjellovergangane her