Slik såg det ut då vårflaumen kom til Øya camping i Hemsedal i 2018.
Slik såg det ut då vårflaumen kom til Øya camping i Hemsedal i 2018.

Varslar fare for flaum og jordskred

Meteorologane varslar stor fare for både flaum, jordskred og skogbrann i Hallingdal og Nore og Uvdal.

Folk i store delar av Hallingdal og Nore og Uvdal må førebu seg på ei særs våt helg - truleg blir det opp mot 50 millimeter nedbør i døgnet. Ifølgje VG er årsaka eit spesielt regnfenomen i møtet mellom tungt nedbør og varm luft. 

- Ein nedbørsfront er på veg inn mot Norge, kor me har hatt liggande mykje farm luft. Og det er i møtet mellom desse to vêrsystema, at me får den veldig nedbøren. Normalt vil ein slik nedbørsfront passere, men her viser modellande at me kan få intens nedbør som er saktegåande, og såleis gjev mykje regn på same stad, seier meteorolog Frode Håvik Korneliussen i StormGeo til VG. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Meteorologane varslar både flaum- og jordskredfare i fleire kommunar i regionen. Truleg blir vêret verst i Nore og Uvdal - der det er sendt ut både skogbrann-, flaum- og jordskredvarsel på oransje nivå. Også i Hol, Ål, Gol, Nes og Flå er det sendt ut varsel om skogbrannfare på oransje nivå. Det er også sendt ut varsel om både flaum og jordskred, men førebels «berre» på gult nivå.