Varmt vêr kan gi fleire jordskred
Rask snøsmelting kan løyse ut skred fleire stader. Skredfaren er i liten grad kartlagt.
I tunet på nordre Bøygard lurar folk og naboar på om det kan kome fleire jordskred.
Geolog Kalle Kronholm i Skred AS kan ikkje garantere noko, men konstaterer at det ser ut til å vere den kraftige snøsmeltinga som er årsak til at det onsdag og natt til torsdag gjekk fleire jordskred i Hallingdal.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Dersom vêret held fram som no, betyr det at det er fleire kommunar som bør vere obs, seier han.
– Ikkje same årsak som sist
Jordskredet mellom Sehlsgardane og Bøygard i Votndalen er i ei bratt solhelling på kring 30–35 grader.
Det gjekk fleire jordras her utover ettermiddagen og kvelden onsdag, samt natt til torsdag. Dei første meldingane gjekk i 14-tida onsdag etter at nokon høyrde ras oppe i lia. NVE, geolog og Ål kommune har hatt møte utover torsdagen.
Tre hus vart evakuert. Sjølv om det gjekk fleire skred i bratta over garden nordre Bøygard fekk dei som bur der sove heime. Søvn vart det likevel lite av.
– Eg sov ikkje godt. Eg låg og lytta, seier Ingeborg Høgset. Ektemannen Rune Bøygard gjorde det same, men ingen av dei fekk med seg at det gjekk fleire skred, også i løpet av natta.
Nabo Jon Håvard Grøgard hadde venta at det var ein bekk som hadde funne nytt leie, men Kronholm avkreftar denne teorien. Det betyr at forklaringa mest truleg er at eit jordlag er metta av smeltevatn og at tyngda har løyst ut skred, truleg med eit telelag som «sklimatte».
Det gjekk eit skred på same stad nøyaktig på same dag for fem år sidan.
– Den gongen var det ein bekk som var tett av is og mykje vatn som fann nye vegar. Det var ikkje tilfellet no, seier geologen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Må vere obs fleire stader
Det er Harald Sakshaug frå Norges vassdrags- og energidirektoratet (NVE) som har leigd Skred AS inn som fagekspertise. Dei var begge torsdag på åstaden for å undersøkje nærare.
– Det har gått fleire småras. Det har nok sleppt under matjordlaget der morenane er sensitive for vatn, seier Saksehaug.
– Alle kommunar i Hallingdal bør nok vere obs. Skredfaren vil avhenge av kva for jordmassar det er snakk om.
– Er skredfaren kartlagt?
– Berre i enkelte kommunar. Alle kommunane er orientert om at dei bør vere obs, seier Kronholm.
Også i Liagardsvegen i Ål, ved garden Tormodsgard, gjekk det jordras onsdag ettermiddag. Gardstunet vart fylt av jord og sørpe, og eit bygg vart skadd i raset.
Det same skjedde i Rukkedalen onsdag. Der rasa det delvis over Rukkedalsvegen. Ingen personar eller dyr har blitt skadde i desse skreda.