Hallingdølen set torsdag strek for debattinnlegg om valet i papiravisa. Siste frist for innsending av innlegg er tysdag klokka 14.00.
Hallingdølen set torsdag strek for debattinnlegg om valet i papiravisa. Siste frist for innsending av innlegg er tysdag klokka 14.00.

Valet: Siste frist for lesarinnlegg

I dag, tysdag, klokka 14.00 er siste frist for innsending av lesarinnlegg i samband med valet.

Lesarbrevspaltene i Hallingdølen har dei siste vekene vore fylt med debattinnlegg før kommune- og fylkestingsvalet. Engasjementet har vore stort.

Den siste avisa før me går til stemmeurnene skal vera fri for politiske lesarbrev. Heilt unntaksvis kan det laurdag trykkast rettingar, eller korte tilsvar med nødvendige og oppklarande fakta. Redaktøren vil vurdere strengt kva som er tilsvar. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Det vil seie at avisa torsdag 5. september er den siste der du kan lesa innlegg frå politikarar og andre, som omhandlar kommune- og fylkestingsvalet. 

Siste frist for å få med lesarbrev i torsdagsavisa er i dag, tysdag 3. september klokka 14. 

Desse lesarbreva blir publisert på hallingdølen.no same dag.

Politiske innlegg som kjem inn etter dette vil ikkje koma på trykk.