Fleire store reinsflokkar har dei siste dagane halde seg like sør for Rv7. Dyra vart fotografert like vest for Fagerheim sist helg. (Arkivfoto)
Fleire store reinsflokkar har dei siste dagane halde seg like sør for Rv7. Dyra vart fotografert like vest for Fagerheim sist helg. (Arkivfoto)

Uvisst når Vidda kan opne att

Torsdag ettermiddag vart vegen over Hardangervidda stengt på grunn av villreintrekk.

I helga vart to tusen villrein observert mens dei beita like sør for Båtstjørn ved Fagerheim. I tillegg var det ei større gruppe dyr lenger sør, kring 7–8 kilometer frå vegen. Dei siste dagane har reinen halde seg langs vegen, men trekt kring 15 kilometer vestover.

Klokka 17 torsdag ettermiddag varsla Statens vegvesen om at Rv7 over Hardangervidda er stengt inntil vidare. Vegen blir ikkje opna att i dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei har stått veldig nære vegen i fleire dagar, seier Erik Lund i Miljødirektoratet.

Det er ikkje Lund som trykkjer på knappen når vegbommen går ned. Men rådet Miljødirektoratet har gitt vegstyresmaktene, er at dei vurderer å stenge vegen og stoppe vedlikehaldsbrøytinga på delar av strekningen. Det lukkast ikkje Hallingdølen å kome i kontakt med ansvarleg i Statens vegvesen torsdag ettermiddag.

Lund seier det er uråd å vite kor lenge reinen held seg nær vegen.

– Reinen vil vanlegvis trekkje mot vinden, men det er fyrst og fremst beiteforholda som avgjer. Fredag er det meldt sør-søraust. Så skal det dreie nordleg att, seier han.