Uvêr og glatte vegar byr på utfordringar for avisboda

Det blir utfordringar å få Hallingdølen ut til alle postkassene i løpet av natta.

Uvêret med sterke vindkast, mange varmegrader og hard vind gjer køyreforholda vanskelege. Særleg på ein del småvegar rundt i kommunane kan det bli trøbbel å kome seg fram i natt.

– Me reknar med å kome rundt dit me skal, men det kan vera avstikkarar som blir vanskelege dersom det ikkje er strøydd, fortel distribusjonsansvarleg i Hallingdølen, Odd Steinar Skarsbø.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er glatta som er problemet. Er det is og bratt, må også eit avisbod gje tapt.

Avistransporten melde om 10-12 plussgrader i nedre del av Hallingdal onsdag kveld. Vinden har også begynt å ta tak. Det betyr snøsmelting og isete vegar. Hovudvegane er stort sett strøydd, men det kan vere verre på ein del mindre vegar.

– Me gjer så godt me kan, men er det blank is utan at det er strøydd, kan det bli vanskeleg enkelte stader, seier Odd Steinar Skarsbø.

Papiravisa til Hallingdølen er også tilgjengeleg elektronisk på www.hallingdolen.no. Vel e-avis i meny-knappen oppe til høgre, så kan du lese papiravisa på pc-en eller telefonen.

Les også
Gjer seg klar til ekstremvêr med 100 tonn grus: - Det kan bli spegelblankt på berre nokre minutt
Les også
Køyrde av vegen - teken hand om av ambulansefolk
Les også
– Det er synd dersom bustadmangel er årsaka til at unge ikkje flyttar hit