Rv7 over Hardangervidda.
Rv7 over Hardangervidda.

Uvêr i fjellet: Kolonnekøyring på fleire vegar

Det blæs friskt i fjellet, og det får konsekvensar i trafikken.

Både Rv7 over Hardangervidda og Fv50 Hol-Aurland var onsdag morgon stengt på grunn av uvêr.

Men utpå dagen vart det opna for kolonnekøyring.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ved 12-tida onsdag gjaldt det både Rv7 over Hardangervidda, Fv50 Hol-Aurland og Rv52 over Hemsedalsfjellet.

Ev16 Filefjell er ei moglegheit om du har høve til å legge turen via Valdres. Frå Filefjell vart det onsdag morgon meldt om liten kuling og kraftige snøbyger, men vegen er open.

Sjekk status for fjellovergangane her.