Sundag var det lange perioder med stengde fjellovergangar mellom aust og vest.
Sundag var det lange perioder med stengde fjellovergangar mellom aust og vest.

Uvêr i fjellet

Sundag kveld var det vanskeleg å kome seg over fjellet mellom aust og vest.

Vind og snø sørga for vanskelege vêr og føreforhold fleire stader i landet i helga..

Sundag vart fleire vegar stengde og 19.30 sundag kveld var både Rv7 over Hardangervidda,  Fv50- Hol-Aurland  og Rv52 over Hemsedalsfjellet stengde for trafikk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då var ingen vegar mellom aust og vest opne for fri ferdsel. På E134 Haukkeli, E16 Filefjell og Rv15 over Strynefjellet var det innført kolonnekøyring. 

Slik var status sundag kveld: 

Riksveg 7 over Hardangervidda – stengt

Fylkesveg 50 Aurland-Hol – stengt 

E134 over Haukelifjell – kolonnekøyring

Fylkesveg 53 Årdal-Tyin – stengt

Riksveg 15 over Strynefjellet – kolonnekøyring

Riksveg 52 over Hemsedalsfjellet – stengt

E16 over Filefjell – kolonnekøyring

Artikkelen held fram under annonsen.

Riksveg 13 over Vikafjellet – stengt

Skredfare

Det er også meldt om betydeleg snøskredfare i fjellet i Hallingdal.

Det er krevjande forhold i fjellet. Eit nedsnødd svakt lag kan føre til middels store skred, og fjernutløsning av skred er mogleg, melder varsom.no