Slik ser dei nye planane til SkiGeilo Utvikling ut for nye bakkar og heisar i skisenteret i Vestlia. I løpet av 2024 og 2025 er planen å starte bygginga i området som ligg der den gamle skytebanen låg.

Utvidar alpinsenteret: – Me planlegg ei løype me trur kan bli ei av Norges mest køyrde

Her er SkiGeilos nye planar for eit heilt nytt baseområde med heisar og bakkar.

Planane betyr, som skissa viser, ei stor utbygging av dagens anlegg i Vestlia. Hovudpunkta er desse:

* Ny stolheis til Kikuttoppen og tilbringarheis frå det nye baseområdet til resten av alpinproduktet.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Ny skiarena med skileik- og barneområde som med den nye heisen blir knytt saman med dagens barneområde.

* Fleire nye nedfartar og alpinløyper frå Kikut.

2024?

Prosjektsjef Robert Brunvoll i SkiGeilo Utvikling seier det er barneområdet og heisen mot dagens skisenter som står først på planen.

– Me vil realisere løypa mot Vestlia først og håpar at den er klar til neste sesong. Bygging av den nye stolheisen og løypene mot Kikut kan skje i 2025. Her må me bygge ein kulvert, men når den er på plass, kan me legge løypa over den.

Robert Brunvoll er prosjektsjef i SkiGeilo Utvikling.

Utbygginga skal skje i området til den gamle skytebanen. Her har SkiGeilo Utvikling arbeidd med å sanere området, ein enorm jobb som no går mot slutten. Planane er også del av planen for Vestlia reiselivsområde, som vart vedteken i kommunestyret i Hol i 2021.

– Dette vil gi eit fantastisk fint barneområde. Det er heilt rett og nødvendig å bygge, og me vil få endå betre løyper. Me planlegg ei lang og fin løype me trur kan bli ei av Norges mest køyrde, seier Brunvoll.

Varme senger

Innanfor området som no skal byggast ut, blir det også fritidsleilegheiter og hytter.

– Me bygger særleg tilrettelagt for varme senger som skisenteret har behov for. Heilt øvst er det hyttetomter og nokre fritidsbygg. Men mesteparten ligg innanfor baseområdet, seier Brunvoll.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utbygginga er «heilt i tråd» med ønsket om å bygge fleire varme senger. Det skal gi meir besøk midt i veka. For vel er helge- og ferietrafikken stor, slik den alltid er på Geilo.

Men trafikken må opp dei andre dagane i veka.

– Det er midtvekegjesten me er ute etter. Det vil vere eit positivt tilskot for Geilo med meir trafikk i vekedagane. Me håpar å sjå endå fleire gjester med ski i sentrum, seier Brunvoll.

SkiGeilo Utvikling har fleire store planar på gang i Vestlia. Frå venstre: Styreleiar Arne Pålgardhaugen, rådgjevar Helge Otto Mathisen og prosjektsjef Robert Brunvoll.

Brunvoll seier det nye baseområdet også er avgjerande for det enorme utbyggingsprosjektet Hallingdølen omtala i april: «SkiGeilo Lodge - The Slope». Ved alpinanlegget i Vestlia skal det som i dag er ein stor parkeringsplass forvandlast totalt.

Dei første byggetrinna vil tilføre over 600 nye senger tilpassa dei nære og internasjonale marknadene.

– Det er viktig at me har på plass det nye barneområdet, slik at me har nok plass til å få folk inn i løypa. Denne infrastrukturen er viktig, seier Brunvoll.

Trur på vekst

Grepa med utbygging av alpinproduktet og varme senger og igjen gi grunnlag for fleire midtvekegjester, vil gi positive ringverknader for alle næringar i Hol kommune, meiner Brunvoll.

– Me ser at det går i positiv retning for skisenteret no.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Er utsiktene gode for auka trafikk i åra framover?

– Ja, absolutt. Geilo har vunne World Ski Awards fire år på rad. Me opplever aukande interesse. Og internasjonale turoperatørar ønskjer at me bygger fleire varme senger tilpassa dagens marknad.