Ole Haabeth, fylkesordførar i Østfold, Anette Solli, fylkesordførar i Akershus og Roger Ryberg, fylkesordførar i Buskerud signerte i 2016 avtale om Viken. I dag var fellesnemnda for Viken-regionen nær ved å legge ned arbeidet. (Arkiv
Ole Haabeth, fylkesordførar i Østfold, Anette Solli, fylkesordførar i Akershus og Roger Ryberg, fylkesordførar i Buskerud signerte i 2016 avtale om Viken. I dag var fellesnemnda for Viken-regionen nær ved å legge ned arbeidet. (Arkiv

Utsette avstemminga etter dramamøte om Viken

Arbeidet med Viken-regionen er ikkje sett på vent – trass i to forslag om å stoppe arbeidet.

Konklusjonen på eit spennande og dramatisk møte i Fellesnemnda for Viken-regionen tysdag er at behandlinga og avstemminga blir utsett til neste møte for å få avklara konsekvensane av å stoppe arbeidet.

Mindretalet avviste

På førehand var det klart at det var eit fleirtal i salen for å leggje arbeidet med å førebu samanslåinga av Akershus, Buskerud og Østfold til ein storregion på is i påvente av at Stortinget får den omstridde regionreforma til behandling i haust. Det skjer som eit resultat av at Finnmark nektar å slå seg saman med Troms.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men i fellesnemndas møte vart det overraskande lagt fram to nærmast konkurrerande forslag om å setje arbeidet på vent, eit forslag frå Ap og eitt som SV, Frp og Sp stod bak i tillegg til eit forslag frå MDG om å dele Viken i to regionar. Samtidig meinte nemndas leiar, Anette M. Solli (H) frå Akershus, at heile saka burde sendast tilbake til administrasjonen for å få greidd ut konsekvensane av å setje arbeidet på vent. Fordi saka ikkje stod på sakslista kunne eit mindretal avvise å behandle ho. Og det gjorde dei 14 representantane frå Høgre, KrF og Venstre. Det var tilstrekkeleg fordi kommunelova krev at det er nok at ein tredel av representantane motsett seg behandlinga.

Held fram

Dermed er ikkje arbeidet i fellesnemnda lagt på is.

Ifølgje nemnd-leiar Anette M. Solli kjem saka opp igjen i neste møte i nemnda når administrasjonen har greidd ut konsekvensane. Derfor blir det altså ein ny runde.

Ap signaliserte sundag at partiet ville stemme for å legge ned arbeidet i fellesnemnda til Stortinget har avgjort skjebnen til Troms/Finnmark-regionen, slik også Sp, SV og Frp ville.Men før møtet hadde KrFs nestleiar Kjell Ingolf Ropstad i eit NRK-intervju avklara at partiet ville stå på reforma og tvangssamanslåinga av kommunane.

– Kva er det me eigentleg driv med i fellesnemnda då. Me veit resultatet, sa Rune Kjølstad (H) frå Buskerud.

– Me diskuterer tull og tøys. Dette er å prøve seg på ein omkamp. Det er udemokratisk, sa han, og viste til at Stortinget to gonger har behandla regionreforma. Fire parti har sagt at dei står last og brast med reforma, sa Kjølstad.

Stor semje

Venstre-representant Solveig Schytz gjorde det klart at partiet står på reforma, slik KrF også gjer. Aps representantar la vekt på at situasjonen er uhaldbar, og at det er skapt usikkerheit.

Iselin Haugo (H) frå Ål sit i fellesnemnda. Ho meiner at vedtaket i nemnda er meir ansvarleg enn om saka skulle behandlast friståande i møtet tysdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det verkar på meg som me har gløymt mandatet me har. Me skal ha respekt for demokratiet og følgje Stortingets vedtak for å sikre ein god organisasjon som varetek 10.000 tilsette, 60 vidaregåande skular og 1,2 millionar innbyggjarar, seier Iselin Haugo.