Ulykka skjedde nord for sentrum, i eit område der vegen ligg tett inntil ein fjellvegg.

Utforkøyring på Rv7: Bil køyrde av vegen nord for sentrum

Ein bil køyrde sundag ettermiddag av vegen i Flå.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 16.14. Det var ein einsleg bil som var involvert. Politiet melde tidleg at førar skulle vere ute av køyretøyet.

Førar er frakta til sjukehus for sjekk. Skadeomfanget er ukjent.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet har vore på ulykkesstaden for å undersøkje kva som har skjedd. Det blir oppretta sak.

På meldingstenesta X, skriv politiet at ulykka skjedde i Flå sentrum. Det stemmer ikkje; ulykka skjedde nord for sentrum, i eit område der vegen ligg tett inntil fjellveggen.

Bilen stod delvis ut i vegbanen, men politiet opplyste at trafikken passerte greitt forbi. Klokka 17.20 skreiv politiet i ei oppdatering at vegen var rydda.