Ungdommen vil til fjells. Det syner ei fersk undersøking frå DNT. På biletet er Konstanse Haukeland (t.h) og Sverre Vange på topptur i Hemsedal.
Ungdommen vil til fjells. Det syner ei fersk undersøking frå DNT. På biletet er Konstanse Haukeland (t.h) og Sverre Vange på topptur i Hemsedal.

Ungdommen vil til fjells

Ein av fire nordmenn tek påskeferien på fjellet. Ungdommane er godt representert.

Ei fersk undersøking utført av Opinion på vegner av Den Norske Turistforening (DNT) og Røde Kors syner at ein av fire nordmenn planlegg påsketur til fjells. Blant ungdommane er talet endå høgare: Heile 44 prosent av dei mellom 18 og 22 år skal på fjelltur denne påska. Undersøkinga syner også at ungdom generelt er glade i fjellet: 64 prosent av dei under 22 år seier dei planlegg ein eller fleire turar på fjellet i år. Friluftsliv er i vinden som aldri før.

– Det er veldig kult at så mange unge skal til fjells i påska! Det overraskar meg ikkje, for det finst så mange bra tilbod, seier Johanne Grue Reiten, leiar i DNT ung.

Artikkelen held fram under annonsen.

Påska 2018 byr på sjeldan fine forhold i fjellet. Vertskap på fleire turisthytter melder at dei ikkje har hatt betre forhold på 20 år. I år rapporterer DNT direkte frå påskefjellet på Kalhovd på Hardangervidda. Om kveldane i påskeveka kan du tradisjonen tru høyre intervju med turistforeninga på Radio Hallingdal.