Elevrådet på Nesbyen ungdomsskole er bekymra. Frå venstre Oskar Janusz Flesvik, Malin Hoveng, Ingeborg Renslo, elevrådsleiar Linna Sofie Øye Sekse og Amanda Halvorsen Jensen.

Ungdommane blæs ut: – Kvifor skal barn og ungdom rammast så hardt? Det er vanskeleg for oss å forsvare oss mot desse kutta

– Ingen har engasjert seg for oss.

Elevrådet på Nesbyen ungdomsskole er skuffa. Ungdommen er verken spurt eller høyrde.

– Skuffande, seier elevrådsmedlemmene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nesbyen kommune skal ikkje berre spare nokre millionar. Innsparingane er så store og dramatiske at det vil merkast godt. Ikkje minst blir barn og unge i bygda råka hardt. Det reagerer elevrådet på ungdomsskulen sterkt på.

– Me fryktar at resultata av kutta i tilbodet for barn og unge berre resulterer i meir «tull»!, seier dei.

Les også
Her er heile kuttlista: – Er me klare til å ta innsparingar på 16 millionar i kveld?

Fryktar

Og «tull» i denne samanhengen er at tilbod til dei unge forsvinn.

– Frykta er at mange derfor vil «henge» rundt kjøpesenteret, der kan dei finne på mykje rart.

Dei er sterkt bekymra over at det blir kutt i ungdomsklubben på Mortensløkka, slik som foreslått, og at den i verste fall stenger dørene.

– Blir den stengt, har me ikkje lenger ein møteplass. Klubben er viktig, spesielt om vinteren, seier Linnea Sofie Øye Sekse, som er leiar i elevrådet.

Les også
Her er dei faktiske tala: Så mykje betalar Nesbyen for sengene på sjukestugu

– Ein møteplass

Ein annan møteplass for ungdommen er det nye og moderne biblioteket i Nesbyen. Men her blir det også foreslått kutt i form av redusert opningstid.

– Biblioteket er ein sosial arena. Her er det playstation, her er det studierom og ein kan låne PC. Og så er det ein stad der ein kan utvikle leseferdigheitene sine, seier Ingeborg Renslo.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Er biblioteket viktig for ungdommen?

– Ja, det er viktig og det er nyttig. Her møtest ungdom etter skulen, det same gjer elevar på vidaregåande. Her ligg også skulebiblioteket.

Skuffa medlemmer i elevrådet på Nesbyen ungdomsskole. Frå venstre Oskar Janusz Flesvik, Malin Hoveng, Ingeborg Renslo, elevrådsleiar Linnea Sofie Øye Sekse og Amanda Halvorsen Jensen.

Redd for skulekorpset

Ingeborg Renslo brenn sterkt for Nesbyen Skolekorps, det einaste skulekorpset i Hallingdal, der ho sjølv er medlem. Ho har spelt i sju år.

– Eg er verkeleg redd for korpset, seier ho.

Bakgrunnen er at treblåslæraren, som no pensjonerer seg, ikkje blir erstatta. Det har skapt sterke reaksjonar i korpsmiljøet. For det rammar 3.-klassekorpset, som er ein solid rekrutteringsarena for skulekorpset.

Eit korps som har halde det gåande samanhengande sidan starten i 1943, og som fekk kommunens kulturpris i fjor. Frykta er at korpset utan treblåslærar og dårlegare rekruttering rett og slett ramlar over ende. Det vil vere ei kulturell katastrofe for korpsbygda Nesbyen.

– Det er moro å lære og spele eit instrument. Og i korpset har eg også fått nye venner, Her får alle som vil eit tilbod, seier Renslo.

– Tenk kor stussleg det blir 17. mai utan korpset, då vil det verkeleg merkast, seier Amanda Halvorsen Jensen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Politikarane støttar forslag om å bryte med Hallingdal sjukestugu: – Dei prøver å gi svarteper til oss

Kva med Polen-turane?

Dei fryktar også at det er over og ut for skuleturane til konsentrasjonsleirar i Polen, viss politikarane godkjenner den føreslåtte kuttlista.

– Desse turane er viktige for å forstå historia. Dei er lærerike og dei er ei oppleving, seier elevrådsleiar Øye Sekse.

Og så fryktar dei konsekvensane av at det blir kutta i skulen. Spesielt er dei opptekne av dei som strevar. Dei får det vanskelegare, meiner dei.

– Me treng dei lærarane me har, er det full semje om.

Oppgitte ungdommar

Hallingdølen presenterte forslaget til kuttliste laurdag. Ungdommane er oppgitte etter å ha lese denne.

– Det blir prata så mykje om ungdomsmiljøet. Men no blir nettopp ungdommen ramma med færre tilbod. Det blir ikkje så attraktivt heller å flytte tilbake hit, seier Linnea Sofie Øye Sekse.

Det er barn og unge som er framtida i Nesbyen. Men kva dei meiner, er det ingen som har spurt dei om, før no.

– Framtida er ikkje positiv. Me forstår at det må sparast, men me forstår ikkje kvifor så mykje må kuttast på så kort tid. Og kvifor skal barn og ungdom rammast så hardt? Det er vanskeleg for oss å forsvare oss mot desse kutta. For me har ikkje fått nokon moglegheit til å seie kva me meiner. Ingen har engasjert seg for oss, seier medlemmene i elevrådet på Nesbyen ungdomsskole.

Artikkelen held fram under annonsen.