Framleis varmast
Framleis varmast

Underkjenner Laksfors - Nesbyen framleis varmast

Målinga på 35,6 grader i Laksfors i Nordland er underkjent, melder Meteorologisk Institutt.

Då Hallingdølen ringde Meteorologisk Institutt klokka 13:00 måndag, fekk me stadfesta at Nesbyen måtte finne seg i delt norgesrekord då målinga på 35,6 grader i Larsfors i Nordland blei godkjent. 

– Målestasjonen tilhøyrer Bane NOR og har ikkje vore så lenge i bruk. Sidan det var snakk om ei tangering av norgesrekorden måtte me dobbeltsjekke at forholda var riktige, fortel statsmeteorolog Pernille Borander. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Kontrabeskjed

Derfor skulle ein tilsett ved Meteorologisk institutt reise innom Laksfors og sjekke at graset var klipt og alt på stell rundt målestasjonen. 

Ein halv time etterpå kom kontrabeskjeden. Målinga var likevel underkjent. 

– Det har vore ei kaotisk helg, fortel Borander. – Nokon skulle sjekke målestasjonen, og då me ikkje høyrde noko gjekk me ut ifrå at den blei godkjent. 

For mykje grus

Meteorologisk institutt kom til slutt fram til at underlaget ikkje var etter deira standardar, då det var for mykje grus rundt målestasjonen. 

Glad ordførar

Måndag fekk ordførar Tore Haraldset beskjeden om at målinga likevel ikkje blei godkjent. 

– Eg var innstilt på å feire med Laksfors, men når me no har fått beskjed om at me framleis har rekorden åleine, så er me sjølvsagt glade for det, seier Haraldset.

Likskap med Gulsvik

gså i fjor blei varmerekorden utfordra, men då av nabobygda Gulsvik. Ordføraren har sett bilete av begge målestasjonane, og ser tydeleg likskapen.

– Når eg ser korleis målaren står så skjønar eg godt kvifor målinga blei underkjent. Det er strenge krav, seier Haraldset. – Men det er klart det er ergerleg for Laksfors. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Dermed kan nesningane puste letta ut og juble over å framleis vere Norges varmaste stad.