Kontrollutvalet i Nes ber ordførar Tore Haraldset få sjekka om KS-vedtaket i Nes formannskap er lovleg.
Kontrollutvalet i Nes ber ordførar Tore Haraldset få sjekka om KS-vedtaket i Nes formannskap er lovleg.

Ulovleg vedtak i Nes?

Kontrollutvalet i Nes reagerer på eit vedtak i formannskapet.

Utvalet stiller spørsmål ved om vedtaket i det heile teke er lovleg, og ber ordføraren ta initiativ til ein lovlegheitskontroll.

Saka dreier seg om samarbeidsforholda mellom administrasjonen og politikarane i Nes. Bakgrunnen er at kommunestyret tidlegare i år vedtok å hente inn ekstern hjelp for å finne årsaka til problema. Kommunen har engasjert KS, men då KS møtte formannskapet 2. desember, vart spørsmålet: Kven skal intervjuast?

Artikkelen held fram under annonsen.

På «nøytral stad»

Eit fleirtal på tre medlemmer i formannskapet, Høgre, Sp og Uavhengig, vedtok mot dei to stemmene til Bygdelista å ta nokre storforbrukarar av kommunale tenester, som utbyggarar i fjellet, planleverandørar og leverandørar av VA-tenester, inn i prosessen.

Dette skal skje ved spørjeskjerma og at to-tre personar skal intervjuast på «nøytral stad», meiner fleirtalet. I tillegg skal politikarar og representantar frå administrasjonen intervjuast.

Reagerer

Men no stiller altså kontrollutvalet spørsmål ved fleirtalsvedtaket.

Utvalet viser til at formannskapet bestiller ei tenest frå KS for å intervjue store forbrukarar av tenester fordi «mykje av støyen har kome frå området rundt teknisk og plan».

Kontrollutvalet viser til at rådmannen er den øvste administrative leiar av Nes kommune. Formannskapet burde bede rådmannen sjølv avklare og finne løysingar på utfordringane som blir påpeikte, uttaler kontrollutvalet - som legg til: - Det er viktig at alle som representerer Nes kommune har merksemd på positiv omdømmebygging, både administrativt og politisk. Ordførar Tore Haraldset seier til Hallingdølen at saka blir teken opp i formannskapet att. Blir ikkje vedtaket endra, skal fylkesmannen sjekke om vedtaket er lovleg.