Det var lystig stemning på Leirin då den nye charteravtalen vart presentert. F.v. turoperatør Trevor DeVilliers, Andreas Smith Erichsen i Skistar Hemsedal, Martine Svensson i Geilo Holiday, Atle Hovi ved Beitostølen Resort og PR-strateg Bjørn B. Jacobsen.

Tyske charterfly til Leirin

Neste vinter kjem det tyske charterturistar til Beitostølen, Geilo og Hemsedal. Chartertrafikken på Leirin aukar til det dobbelte.

I vinter har det landa charterfly med 150 britiske skituristar kvar sundag på Fagernes Lufthamn Leirin. Det har gitt 10.000 nye gjestedøgn på Beitostølen, Geilo og Hemsedal.

Düsseldorf – Leirin

Neste vinter kjem det minst like mange skituristar med fly frå Düsseldorf i Tyskland. «Norway Home of Skiing», fellesnamnet til dei tre destinasjonane, har inngått charteravtale med ein tysk turoperatør.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er den nederlandske charterturoperatøren Trevor DeVilliers som er arkitekten bak charteravtalane med England og Tyskland.

– Charteravtalen i Tyskland er ein milepæl som eg er glad for å kunne tilby. Charterfly frå Europa med skituristar som landar midt i den norske fjellheimen er eit fantastisk produkt med enormt potensial som kan gi smitteeffekt til resten av Norge. Eg spår ein auke i chartertrafikken på Leirin på 300 prosent neste år, seier DeVilliers.

Torsdag var han med på pressekonferanse på flyplassen på Leirin.

Charterfly frå Tyskland til Leirin gir dobbelt så mange charterturistar på Beitostølen, Geilo og Hemsedal neste vinter.
Charterfly frå Tyskland til Leirin gir dobbelt så mange charterturistar på Beitostølen, Geilo og Hemsedal neste vinter.
F.v. Atle Hovi på Beitostølen, Martine Svenson på Geilo og Andreas Smith-Erichsen i Hemsedal har fått til eit fruktbart samarbeid om charterturisme frå England og Tyskland.
F.v. Atle Hovi på Beitostølen, Martine Svenson på Geilo og Andreas Smith-Erichsen i Hemsedal har fått til eit fruktbart samarbeid om charterturisme frå England og Tyskland.
Charterturoperatør Trevor DeVilliers vifta med det tyske flagget på Leirin for å markere at charteravtalen med Tyskland er i boks.
Charterturoperatør Trevor DeVilliers vifta med det tyske flagget på Leirin for å markere at charteravtalen med Tyskland er i boks.

Formidabel vekst

Charterturismen via Leirin er eit samarbeid mellom Beitostølen, Geilo og Hemsedal. Representantar for turistnæringa ved dei tre destinasjonane var begeistra.

– Me har hatt ein formidabel vekst på 37 prosent i den engelske marknaden i vinter på grunn av chartertrafikken frå England. Charteravtalen med Tyskland er eit langt steg vidare. Eg har minst like stor tru på den tyske marknaden, seier dagleg leiar i Skistar Hemsedal, Andreas Smith-Erichsen.

Utfyller kvarandre

Charterturistane blir frakta med buss til Beitostølen, Geilo og Hemsedal og tilbake til Leirin ei veke seinare. Dei tyske charterflya kjem og går laurdag, dei britiske sundag.

Dagleg leiar i Geilo Holiday, Martina Svensson, representerte turistnæringa på Geilo under pressekonferansen.

– Me hadde ikkje venta så mange britiske charterturistar på Geilo fyrste året. Det har vore ein ubetinga suksess med svært fornøgde gjester. Det blir spennande med fleire charteravtaler. Geilo, Hemsedal og Beitostølen konkurrerer ikkje mot kvarandre. Me tilbyr ulike produkt og utfyller kvarandre, seier Svensson.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gull verdt

Direktør Atle Hovi ved Beitostølen Resort skein også om kapp med aprilsola på Leirin torsdag. Han var full av lovord om samarbeidet med Geilo og Hemsedal som starta for tre år sidan.

– Me har ein flyplass midt i fjellheimen med svært snøsikre destinasjonar i nærleiken og har fått til eit fantastisk godt lagspel. Charteravtalene er gull verdt for oss. Me er heldige som har Trevor til å få i stand charteravtalene. Han er ein dyktig seljar med eit stort nettverk i Europa, seier Hovi.