Nødnettet var nede - plasserte ambulanse i sentrum for dei som trong akutt hjelp

Det var dårleg mobildekning i Flå fredag kveld, og nødnettet var nede. Då måtte nødetatane ta grep.

Ved 19-tida melde dei at det vart plassert ein ambulanse ved McDonalds i Flå. Denne stod med blålysa på.

– Om nokon treng akutt hjelp kan dei ta kontakt med denne, melde politiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heile Flå var då utan straum.

Ved 19.30-tida fredag kveld melde Vestre Viken helseføretak at nødnettet og telefonnettet var nede fleire stader i deira område, mellom anna i Hallingdal.

– I dei områda som er råka vil det bli sendt ut ambulansar på patruljekøyring som varslar at dei er på patrulje, med blålys på. Dei vil vere godt synlege på lang avstand no når det er mørkt, skreiv dei i ei pressemelding.

– Publikum kan ta seg mot blålysa for å be om hjelp der det er behov for akutt hjelp.

Les også
Høgspentlina og fleire tre har falle ut på Rv7: - Det er mørkt og svært krevjande forhold
Les også
Ber folk la vere å køyre om dei ikkje må
Les også
Sat på toget i fire timar utan straum: – Mørkt og kaldt
Les også
– To bilar er sperra inne og ein bil er treft