Ambulansen i Nesbyen skal stå ved Elverhøy helsetun.

Trøbbel med mobildekninga - her kan du nå ambulansane

Dårleg mobildekning i Flå og Nesbyen gjer at ambulansane og dei andre nødetatane no står på faste plassar i sentrum.

– Me har gått i grøn beredskap, seier leiaren for kommunikasjonsavdelinga i Vestre Viken, Hege Frostad Dahle.

Ho fortel dei har fått melding om trøbbel hjå både Telenor, Telia og Ice i dag. Det gir dekningsproblem i nedre del av dalen. Då Hallingdølen prata med Dahle ved 13-tida, hadde Vestre Viken nettopp sett beredskap.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det betyr at me set inn ekstra ressursar i Flå, ein ambulanse vil stå ved Flåheimen. Den ordinære ambulansen i Nesbyen står ved Elverhøy helsetun, fortel ho.

Ifølgje Thomas Pretorius i Hallingdal brann- og redningsteneste har også dei ein representant på plass, det same har politiet.

Når det blir problem med mobildekninga på dette viset, er poenget at dei som ikkje får ringt etter hjelp kan oppsøke ambulansen fysisk. Kvar kommune har eit slikt fast «beredskapspunkt».

Med andre ord: Treng du akutt hjelp i Flå eller Nesbyen og har problem med å få ringt, kan du reise til Flåheimen eller Elverhøy.

På Telia sitt dekningskart ser det ut til at mobildekninga fungerer nede i sentrum, men at det kan vere forstyrringar og utfall både i retning Rukkedalen og austover.

Telia skriv at dei har funne feil på ein kabel som går til ein basestasjon. Det går føre seg feilsøking.