Trøbbel med innlogginga på Hallingdølen

Det er tekniske problem med innlogginga på hallingdolen.no

– Det er tekniske problem i fleire aviser. Teknisk avdeling er i gang med å finne ut kva som har skjedd, opplyser IT-ansvarleg i Hallingdølen, Odd Ingvar Bergo.

ER du logga inn frå før, merkar du ingen problem. Vanskane oppstår når ein skal logge seg inn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er ikkje kome nokon melding om kor lang tid det vil ta før feilen er lokalisert og fiksa.

Les også
Manglar byggeklare tomter
Les også
Køyrde bil utan førarkort - og gav blaffen
Les også
Set si lit til ordførarane i Hallingdal: - Håpar kommunane endrar praksis