Kommunelege i Hemsedal Camilla Underland, og dei andre legane på vakt, må i periodar springe for å rekke over alle pasientane som ramlar inn på legekontoret, men det er mangel på fysisk plass som er bøygen. (Arkivfoto)
Kommunelege i Hemsedal Camilla Underland, og dei andre legane på vakt, må i periodar springe for å rekke over alle pasientane som ramlar inn på legekontoret, men det er mangel på fysisk plass som er bøygen. (Arkivfoto)

Treng rask utviding av legesenteret

Ein dag i januar handterte tre legar i Hemsedal på vakt 75 pasientar. I tillegg til alle planlagde tok dei seg av 30 som måtte ha hjelp med ein gong.

Det er ikkje mogeleg å planleggje kva tid alle pasientar har behov for hjelp, men ein kan planleggje slik at me har plass til dei når dei kjem.

Dette er bodskapen frå legetenesta i Hemsedal til lokalpolitikarane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Tida er overmoden for ei om- og utbygging av legesenteret, seier lege Camilla Underland.

– Me har ikkje plass som sikrar god flyt i skadevurderingar og pasientbehandling. Det er fleire flaskehalsar, seier ho.

– Må ha to tankar i hovudet

Ho leier ei arbeidsgruppe som jobbar med å finne arealløysingar. Saka er ikkje av ny dato, men pengane som vart løyvde til føremålet og utbyggingsspørmålet er sett på vent. Politikarane ville sjå behovet i samband med ei storstilt skule- og helseutbygging.

– Men ein må kunne ta tak i det akutte samstundes som ein finn berekraftige løysingar for framtida. Me må ha to tankar i hovudet samstundes. Me har ikkje tid til å vente, seier Underland.

-75 pasientar på tre legar på ein dag

4. januar 2017 kokte det på legekontoret. Dei tre legane på vakt fekk det travelt då det kom til saman 30 akuttpasientar.

Legg ein til planlagde konsultasjonar, vart 75 pasientar i løpet av vakta. Det blir i snitt 25 per lege. Dersom ein legg til grunn sju-timars arbeidsdag, blir det i snitt 16 minutt til kvar pasient.

– Me har tre legeheimlar men ønskjer fire. Om få år treng me fem. Men no er det plassbehovet me må løyse først. Stillingar blir ein annan skål, seier Underland.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Plassmangel regelen

Ein nyttar seg av ein vikarlege alt i dag, men det løyse ikkje det akutte problemet så lenge det ikkje er rom til pasientane. Alle rom er fulle når pågangen er som størst.

– Me ser at behovet er endå større enn det me tidlegare har skissert. Det gjer oss uroa. Me har hatt situasjonar der me har følt drifta har vore uansvarleg.

– På kva måte?

– Me har ikkje plass som sikrar at me kan gjere gode vurderingar. Plassmangel er ikkje unntaket, men regelen.

Alpinskader utgjer ein stor del av pasientmassen i Hemsedal. Det er snakk om kring tusen slike på ein sesong. 54 prosent av pasientane har ikkje fastlege i Hemsedal, men er mest sannsynleg tilreisande og turistar.