Kartet syner kor Rv7 var stengt, i botnen av Måbødalen i Eidfjord.

Ryddearbeidet i Eidfjord ferdig - Rv7 er open att

Onsdag morgon vart Rv7 stengt i Eidfjord. Eitt døgn seinare er vegen opna att.

Årsaka til stenginga var at ein bil vart råka av stein frå tunneltaket i Kvernhushaugtunnelen tysdag kveld. Det vart ingen personskader, men frontruta på bilen vart knust.

Som følgje av uhellet vart tunnelen i botnen av Måbødalen stengt inntil vidare.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Av tryggleiksomsyn held me vegen stengd medan me gjer nødvendig reparasjonsarbeid, uttalte byggjeleiar Morten Ørbech Mo i Statens vegvesen.

Vegvesenet opplyste at det var vanskeleg å seie kor lenge vegen blir stengt.

– Det blir gjort ny vurdering torsdag klokka 07:00, melde Statens vegvesen.

Torsdag morgon er nødvendig arbeid gjort. Dermed kan bilistar kome seg mellom aust og vist via Rv7 på Hardangervidda.

– Måbødalen opna for fri ferdsel klokka 05:10 torsdag, opplyser Statens vegvesen.