Kommuneoverlege i Nesbyen, Nils Høva skulle gjerne sett at fleire barn og unge kom for å teste seg.

Tre smittetilfelle i Nesbyen: - Me har kontroll

Tre personar har dei siste dagane testa positivt for koronaviruset i Nesbyen. Alle tilhøyrer same husstand.

– Sistemann av dei tre vart testa måndag. Svaret kom i dag, fortel kommuneoverlege Nils Høva til Hallingdølen tysdag ettermiddag.

Full kontroll

Dei tre er i same husstand, men er ikkje folkeregistrert i Nesbyen. No sit dei isolert.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei har ikkje vore i kontakt med bygdefolk, så me har full kontroll på situasjonen, seier Høva.

– Me har hatt ein gjennomgang av situasjonen med dei i dag. Dei heile verkar veldig oversiktleg og greitt.

Gjerne fleire barn og unge

Trass i at det er få smittetilfelle i Hallingdal om dagen, er det likevel jamn aktivitet på testsentera. Også i Nesbyen blir det testa ein god del - men det er éi gruppe som Høva gjerne skulle sett fleire av.

– Me testar for få barn og unge, seier han.

– Me ønsker å teste fleire i denne aldersgruppa.

– Når bør barn og unge kome og teste seg?

– I desse tider er terskelen låg. Dei bør kome for test når det er luftvegsymptom eller litt uklare symptom. Feber eller noko som er influensaliknande, seier Høva.