Dette biletet er frå koronatesting i Ål i fjor. Det går framleis føre seg ein del testing i Hallingdal.

Tre personar koronasmitta: – Det er grunn til å vere merksam på auka smitterisiko

I løpet av to dagar har tre tilreisande testa positivt for koronaviruset i Hol. Kommuneoverlegen ber folk vere nøye med smittevernet.

Det første tilfellet vart registrert onsdag, dei to neste i løpet av torsdag. Alle desse er rekna som «enkelthendingar» og skal ikkje ha nokon samanheng.

– Alle er tilreisande, som fekk beskjed om at dei er nærkontaktar til ein smitta først etter at dei kom på ferie til Hol. Dei har altså ikkje reist mens dei har vore i karantene eller kjent på symptom, seier kommuneoverlege Silje Koldal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Få i karantene

Alle dei tre som no er smitta, testa seg på Geilo. Svara kom altså att positive.

– Dei fekk beskjed om å gå i karantene raskt etter at dei hadde kome til Hol. Dei har derfor ikkje rekt å røre seg særleg mykje i nærmiljøet, seier Koldal.

Det er derfor heller ikkje mange i Hol som har hamna i karantene som følgje av dei tre tilfella. Alle nærkontaktar er testa med hurtigtest, alle har vore negative. Det er i tillegg tatt ein vanleg test som kommunen fredag venta svar på.

– Me har god kontroll på dei smitta, som no enten blir tatt vare på i vår kommune eller i eigen heimkommune, seier Koldal.

Hald på meteren

Sjølv om dagens situasjon er avklart og under kontroll, har kommuneoverlegen ei viktig melding til innbyggarar og hyttegjester.

– Det er grunn til å vere merksam på auka smitterisiko. Me ser mindre bruk av munnbind og at mange generelt møtast i større samlingar, i tråd med gjenopninga. Dette skaper rom for smittespreiing i auka grad, noko me framleis må ta høgde for, seier Koldal.

Ho minner om at det framleis er viktig å halde på den velkjente meteren.

– Særleg med tanke på at me har ein deltavariant av viruset som trugar, og at samfunnet no tillét fleire sosiale arenaer der folk møtast. Også vaksinerte bør tenke på at ein ikkje er fullbeskytta mot smitteoverføring, og at ein derfor bør tenke på avstand som vern mot smitte for seg sjølv og andre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bruk munnbind

I vinter vart alle innbyggarar i heile Hallingdal van med å bruke munnbind på offentleg plass. I takt med gjenopninga og lågt smittetrykk er det færre og færre som tek det på seg.

– Me i Hol anbefaler sterkt at ein framleis bruker munnbind i det offentlege rom. Det er eit lite inngripande tiltak, men med god effekt mot smitteoverføring, seier Koldal.

Kommunen ønsker også at tilreisande som kjem i karantene mens dei er i Hol som hovudregel reiser til heimkommunen sin.

– Det er viktig for å halde oppe kapasiteten vår gjennom sommaren, slik at me kan ta oss av akutte hendingar på ein best mogleg måte, seier Koldal.

Kommuneoverlege i Hol, Silje Marie Koldal.