Det vart ein travel kveld og natt for politiet i Hemsedal skjærtorsdag.
Det vart ein travel kveld og natt for politiet i Hemsedal skjærtorsdag.

Travel kveld for politiet i Hemsedal

Fram til torsdag har Politiet i Hallingdal hatt lite å melde om knytt til påsketrafikken, anna enn hundar og lommebøker på avveg.

Skjærtorsdag markerte starten på ein tredagars heidundrane påskefest. Det gav politiet nok å henge fingrane i.

Litt før halv åtte torsdag kveld vart politiet kalla til Hemsedal skisenter etter melding om slåssing.

Artikkelen held fram under annonsen.

Halvannan time seinare vart ein mann og ei dame i 20-åra, også i Hemsedal, meldt til politiet for bruk og besittelse av narkotika. I avhøyr erkjente dei forholda.

Omtrent samstundes vart to menn i 30-åra og to kvinner i 20-åra meldt til politiet for bruk av narkotika. Det vart også beslaglagt ei mindre mengd kokain knytt til saka. Dei involverte er avhøyrt og har erkjent forholdet.

Klokka 23.41 vart ein mann i sluten av tenåra bortvist frå Hemsedal sentrum. Mannen hadde oppført seg trugande ovanfor dørvaktane på ein utestad.

Ved 02-tida natt til fredag vart ein mann i 20-åra bortvist frå ein utestad i bygda på grunn av ordensforstyrring.

Ein time seinare vart ein overstadig rusa mann tatt hand om ved ein utestad i Hemsedal. Mannen var ikkje i stand til å ta vare på seg sjølv, og vart sett i fyllearrest.